Skjermbilde 2020-10-06 kl. 22.14.32.png

1980-åra

Stord, verda og musikken

Stord Kulturhus, oktober 2020

Framsyninga var bygd på same lesten som dei to føregåande åra. Året 2020 vart likevel eit spesielt år grunna Korona-pandemien. Det var usikkerhet rundt det meste; skulle me satsa mot eit stort prosjekt, ville me kunne øva i lag, ville me kunne ha publikum på konsertane når den tid kom og ville publikum vera interesserte i arrangement ute i det offentlege rom?

Me bestemte oss for å gjera eit forsøk, med kombinasjon av digitale øvingar og etterkvart høve til å møtast for å syngja i lag vart det premierer 24. oktober som planlagt. 3 av 4 framsyningar vart gjennomført før me diverre måtte avlyse den siste.

Uansett - i dette året føltes det som ein stor seier at me fekk stå på scena i kulturhuset med publikum i salen!

Førehandsomtalar i Bladet Sunnhordland og Stord24

Konsertomtale i Bladet Sunnhordland

Programhefte 

1970-åra

Stord, verda og musikken

Stord kulturhus, oktober 2019

 

Omtale av premieren i Bladet Sunnhordland

Programhefte

1960-åra - Plakat.jpg

1960-åra

Stord, verda og musikken

Stord Kulturhus, oktober 2018

Stord Kulturhus og Arena

Konsertomtale i Bladet Sunnhordland

Me tok forestillinga til Arena

Programhefte 

Tøffe_Tider_-_Plakat.jpg

Tøffe tider

Songar frå Vestlandet

- frå Kleppevik til Kaizers

Stord Kulturhus, oktober 2017

Omtale av premieren i Bladet Sunnhordland

Fulle hus

Programhefte 

Plakat.jpg

Sånn e da!

Songlaget syng om Stordabuen

Stord Kulturhus, oktober 2016

Hausten 2016 framførte Songlaget Stordabuen ein konsert med nyskriven musikk av Torleiv Agdestein, som er koret sin musikalske leiar. Tittelen var «Sånn e' da!». Songane på dialekt handla om folk i dag, kvardagsliv, draumar og minne. Romantikk, komikk og mykje meir..."

 

Omtale av premieren i Bladet Sunnhordland og på stordnytt.no

Programhefte 

Songlaget Stordabuen fekk Stord kommune sin kulturpris 2016

I grunngjevinga heiter det at "Songlaget har vore sentral i kulturarbeidet i kommunen heilt sidan stiftinga i 1935. I dei seinare åra har dei årvisse konsertane i kulturhuset gleda eit stort og trufast publikum. Eit spesielt kulturelt høgdepunkt var framsyninga «Stord - Gode tider» i 2009, der koret framførte Torleiv Agdestein sitt lokalhistoriske verk for seks fullsette salar.

Prisen vart delt ut på Nyttårskonserten 21. januar 2017.

plakat2.jpg

Stordabuen syng Beatles

Stord Kulturhus, oktober 2015

Hausten 2015 var satsinga vår ein konsert fullstappa med Beatles-melodier.

 

På dei tre konsertane i Stord Kulturhus hadde me meir enn 1000 tilhøyrarar. Me er takksame for at me har eit så stort og trufast publikum.

 

Les omtale av premieren på stordnytt.no

Programhefte 

Ettermiddagskonsert

Laurdag 18. april kl 1600

Stord Vidaregåande Skule

Glad korsong med 2 blandakor

som syng låtar med Pop/Rock/Vise-preg.

 

Songlaget Stordabuen

og gjestekoret

Kormix frå Askøy

 

 

Edited Image 2014-10-9-16:0:2

Let the good times roll!

Stord Kulturhus, oktober 2014

Mange gladlåter og flotte kjærleiksongar. Me i Songlaget koste oss med å øve inn eit program som me likte svært godt. At publikum sette pris på dette, er nær 1.000 selde billettar prov på.

 

Les omtale av premieren på stordnytt.no

Programhefte 

Tur til Tyskland

21. til 25. mai 2014 var me på ein flott tur til Tyskland. Me song i sjømannskyrkja i Hamburg, og me besøkte eit venekor i den vesle byen Bad Bramstedt, der me hadde konsert.

Ynskjekonserten

Stord Kulturhus, oktober 2013

Hausten 2013 var storsatsinga vår YNSKJEKONSERTEN i samarbeid med Bladet Sunnhordland.

Me hadde 3 fulle salar i Stord Kulturhus - bortimot 1200 selde billettar!

Biletet er frå avslutninga av konserten.

Programhefte 

storenorske.jpg

Store norske

Stord Kulturhus, oktober 2012

Programhefte

På dans

Stord Kulturhus, oktober 2011

Hausten 2011 var me PÅ DANS!

Programhefte

© Copyright 2013. Songlaget Stordabuen. All rights reserved.