Årsmøte torsdag 18. februar kl 19.30
Updated: Jun 16, 2021
Då er me klare for ei ny veke med Stordabuen, ei veke der me faktisk kan gle oss til ENDELEG å få treffast fysisk! 😊
TORSDAG 18. FEBRUAR kl 19.30 er det nemleg ÅRSMØTE – ein fin anledning til både å treffast OG få høve til å påverka leia til songlaget vidare.
Nok ein gong opnar Stord Vgs dørene for oss, noko me er svært glade og takknemlege for, då dette gjev oss høve til å avvikla årsmøte i ei tid der fastmonterte seter er eit krav ved arrangement for meir enn 10 personar. 😊
Praktisk info kring gjennomføring av årsmøtet vert lagt ut onsdag. og sakspapirer vert lagt i Dropbox i forkant av møtet. (Dette blogginnlegget vert oppdatert med denne informasjonen.)
Me inviterer også til eit uformelt medlemsmøte rett etter årsmøtet, der det bl.a. vil verta høve til å ta opp saker som er av felles interesse.
Så set av torsdagskvelden, folkens!
Ser fram til å sjå deg! 😊