Med ny frist for innmelding av saker: Torsdag 4. februar
Ikkje alle hadde høve til å delta på Zoom-treffet, difor info om årsmøtet også her.
Styret har ei tid vore innstilt på at årsmøtet enten må avviklast på Zoom, eller utsetjast til restiksjonane gjev oss høve til å samlast på Leirvik skule. Men etter å ha sett nærare på restriksjonane, og vore i kontakt med Korforbundet Hordaland for høyra kva dei rår oss til, har me kome fram til at årsmøtet kan haldast i Konsertsalen på Stord vidaregåande skule. Der er det både fastmonterte seter (inntil 200 personar kan samlast) OG god nok plass til at me kan halda avstanden som krevst.
Då det skal vera anna arrangement i konsertsalen onsd. 17. febr, lyt me utsetja årsmøtet til torsdag 18. febr. Klokkeslett vert å koma attende til.
VEL MØTT til kvar og ein!🙂
Kommentarer