Etter enda eit år med korona og ein spesiell vår med digitale og fysiske øvingar, har styret i samråd med dirigenten bestemt at me satsar på fire framsyningar med 90-talsmusikk i oktober. For å nå målet om å servera publikum ei verkeleg gladstund i haustmørket, krevst det iherdig innsats og øving frå oss alle.
Som før reiser me også i år til Rosendal helga 18. – 19. september. Me legg opp til ei intens, inspirerande og sosial øvingshelg i Rosendal!
Me får også i år med oss Synnøve Tollaas som songpedagog. Det blir kjekt med litt ny input!
Rammene rundt øvingane i Rosendal vil bli i samsvar med gjeldande råd, retningsliner og restriksjonar. Me kjem nærmare tilbake til det når det når øvingshelga nærmar seg.
Om du ikkje har mulighet til å delta heile helga, er det flott om du vurderer om du kan vera med éin av dagane.
Praktisk informasjon
Avreise med hurtigbåt frå Leirvik laurdag 18. september kl. 08:40
Ankomst Leirvik søndag 19. september kl. 18:25
Å betala til Rosendal Fjordhotell ved avreise:
Enkeltrom: 2075,-
Dobbeltrom: 1795,- pr. person
Trippelrom: 1875,- pr. person
Hotellet serverer:
Kaffi og rundstykker litt etter ankomst Samfunnshuset på laurdagen
2-rettars lunsj med kaffi laurdag og søndag
3-rettars middag med kaffi laurdag
Frukost søndag
Koret betalar for båt og buss!
Påmelding
Påmelding til Sissel Johnsen, tlf. 404 77033 – send gjerne melding på Messenger eller SMS.
Gje melding om kven de evt. deler rom med, samt allergiar og anna informasjon hotellet treng.
FRIST FOR PÅMELDING: ONSDAG 1. SEPTEMBER
Commenti