Øvingshelg i Rosendal 19. - 20. September 2020


Etter ein litt haltande vår og med ein pågåande pandemi, har styret i samråd med dirigenten bestemt at me satsar på fire framsyningar med 80-talsmusikk i oktober. For å nå målet om å servera publikum ei verkeleg gladstund i haustmørket krevst det iherdig innsats og øving frå alle. I september legg me difor opp til ei intens, inspirerande og sosial øvingshelg i Rosendal!

Rammene rundt øvingane i Rosendal vil, på same måte som onsdagsøvingane, bli i samsvar med gjeldande råd, retningsliner og restriksjonar.

Oppdaterte råd for korøvingar finn de her: www.kor.no/korona

Om du ikkje har mulighet til å delta heile helga, er det flott om du vurderer om du kan vera med éin av dagane.

Praktisk informasjon

Avreise med hurtigbåt frå Leirvik laurdag 19. september kl. 08:40

Ankomst Leirvik søndag 20. september kl. 18:25

Å betala til Rosendal Fjordhotell ved avreise:

Enkeltrom: 2045,-

Dobbeltrom: 1750,- pr. person

Trippelrom: 1650,- pr. person

Hotellet serverer:

- Kaffi og rundstykker ved ankomst Samfunnshuset på laurdagen

- 2-rettars lunsj med kaffi laurdag og søndag

- 3-rettars middag med kaffi laurdag

- Frukost søndag

Koret betalar for båt og buss.

Påmelding

Påmelding til Marita Huse, tlf. 45 42 67 14

Gje melding om kven de evt. deler rom med, samt allergiar og anna informasjon hotellet må ha.

FRIST FOR PÅMELDING: ONSDAG 26. AUGUST

69 views0 comments

Recent Posts

See All

Hei igjen! 😃 Plan for filminga på onsdag ser slik ut: ❗️Oppmøte kl 15.45❗️ 1.Kl 16.00 - filme passasjerar på kaien, ved rekka på båten og på veg ombord. (Her blir det filma både på kaien og med drone

Då er det duka for raud løpar og ein god dose Hollywood- glam!✨ Stikkord for årets bekledning er: PALJETTAR OG FLØYEL Damer💃🏻 fri kombinasjon av plagg med paljettar og/eller glatt fløyel i valfri fa