top of page

EI SISTE HELSING... đŸŒ·

For Ă„ fĂ„ takka ogsĂ„ dĂ„ke som ikkje var pĂ„ Ă„rsmĂžtet i gĂ„r, (god betring til dĂ„ke som e sjuke!đŸ„°), legg eg takk for meg-talen ut ogsĂ„ her, som...


EI SISTE HELSING... đŸŒ·


DĂ„ har eg passert mĂ„lstreken, eller e' vel rettare sagt i vekslingsfeltet – klar for Ă„ gje stafettpinnen vidare.


FOR.. altsÄ  heilt seriĂžst
, no nĂ„r pandemien ser ut til nĂŠrmast Ă„ «vera Ăžve» ,

E DA JO IKKJE NÅKE GØY LENGRE!

DĂ„ kan andre fĂ„ overta😉


Det vart eit litt lengre lÞp enn eg tenkte og trudde det skulle bli dÄ eg stod pÄ startstreken for min etappe. Eitt Är som leiar skulle eg no alltids klara. Kom meg gjennom fÞrste Äret pÄ eit vis, og kjente at kreftene var der til Ä ta fatt pÄ endÄ ein runde.


I eit lĂžp der ein stiller med startnummer pĂ„ brystet, sĂ„ kjenner ein som regel godt til lĂžypa. Ein veit kva som komme rundt neste sving, ein veit kor dei tyngste bakkane er, er litt forberedt pĂ„ kva som ventar ein.đŸƒâ€â™€ïž


NÞyaktig 3 veker etter ÄrsmÞtet, den 11. mars 2020 leda eg mitt aller fÞrste styremÞte - i forkant av Þving same kveld.

Me hadde planen for Ă„ret klart – sĂ„g for oss lĂžypa – hadde bra kontroll pĂ„ det som skulle skje; hadde mykje Ă„ gle oss til, bl.a. jubileumsfest og kortur til Spania



Jau dĂ„ – me hadde hĂžrt gjete eit virus, Covid19 eller ka da no va
. hĂžrtes skummelt ut, var bekrefta nokre smittetilfeller i Norge, men enn sĂ„ lenge kunne me kjĂžra bortimot som normalt.


Berre nokre timar etter var situasjonen ein heilt annan 
. For mens me stod og Þvde den kvelden, sÄ vart sjukdomsutbruddet omdefinert frÄ ein epidemi til ein pandemi, og dagen etter vart Norge stengt ned.

Og historia vidare kjenner me.


Det vart ein dramatisk start og eit heilt anna lÞp enn nokon av oss hadde sett for oss
; i ei lÞype der me overhode ikkje visste kva som venta rundt neste sving. Og nÄr du ikkje veit kva som ventar, er det vanskeleg Ä disponera kreftene



MĂ„ innrĂžmma, og det trur eg det er fleire enn meg som har kjent pĂ„, at det innimellom har vore fristande Ă„ berre gje opp, bryta lĂžpet
.đŸ„”


Men oppi det heile, sĂ„ har det og vore fantastisk kjekt!😀 Det har vore lĂŠrerikt! Det har vore mange fine opplevelsar langs lĂžypa. Å vera leiar har gitt meg veldig mykje! Ikkje minst sĂ„ har det gitt meg muligheten til Ă„ bli kjent med mange fine folk som eg elles kanskje ikkje ville blitt kjent med pĂ„ same mĂ„te.đŸ„°

Og eg kan faktisk skryta av at eg no veit navnet pÄ kvar einaste ein av dÄke
!


SĂ„ veldig takknemlig for tilliten de har vist meg ved Ă„ la meg sitja som leiar desse to Ă„ra!🧡


Og sÄ er eg og veldig takknemleg og glad for at eg no kan overrekka klubba, som forhÄpentlegvis er sÄ godt som koronafri, til Olav; levera stafettpinnen vidare til ein med «friske bein», pÄgangsmot og vilje til Ä ta lÞpet vidare som leiar.


Tusen takk for godt samarbeid og godt lag i lþypa til Torleiv, Marita, Martha, Sissel Johnsen, Bergfrid, Svein Harald og Frode!💛


Og ikkje minst: TUSEN TAKK til dĂ„ke som har heia oss fram, som har gitt meg og resten av styret bĂ„de oppmuntring, ros og gode ord underveis!💛


Å fĂ„ eit klapp pĂ„ skuldra, litt skryt; «dĂ„ke e flinke!» betyr faktisk meir enn eg trur dei fleste er klar over! Kan vera ein skikkelig energiboost som lĂžfter ein fram i lĂžypa nĂ„r ein treng det som mest.


Derfor er det dette som mĂ„ bli mi oppfordring til oss alle, inkludert meg sjĂžlv som no trer inn i heiagjengen – ved inngangen til eit nytt og spennande Ă„r med SL Stordabuen, med nytt styre, ny leiar:


AT ME ER RAUSE MED GODORDA og er flinke Ă„ heia fram dei som har sagt ja til etter beste evne, Ă„ hjelpa til med Ă„ styra denne skuto - som vil gjera ein innsats for at SL Stordabuen skal vera beste koret EVER(!) Ă„ vera med i.


Masse lykke til – te deg Olav og resten av styret som no skal ut i lþypa!

Og masse lykke til alle oss andre som og altsĂ„ har ein jobb Ă„ gjera - i heiagjengen!😊


Med desse orda vil eg fÄ takka for meg som leiar, og heilt sÄnn avslutningsvis - berre for Ä ha sagt det:


Skulle det dukka opp ein ny pandemi, er det berre Ă„ ringa!😉


Takk for meg!đŸ„°

25 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt pÄ Þvinga i dag ynskjer styret at koret prÞver ut ei lÞysing kalla ChoirMate for Ä sjÄ om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 ‱ Passordet er det same som tidlegare

bottom of page