top of page

Ein liten smugkikk inn i 2022 🤩

Aktivitetsplanen vert lagt ut så snart den er klar, dvs etter styremøte 5. januar.

Men litt av det me skal ha for oss, kan me røpa allereie no😊


⭐Mandag 17. januar: Open øving for gutar/menn.


Greio e at me treng fleire av den sorten. Derfor inviterer me gutar/menn som har lyst til å verta litt kjent med koret, til ei uforpliktande samling (øving?) der ein får høyra litt om koret,- kva me balar me, kva planar me har osv. Og så håpar me på at nokon vil synast at det dei får høyra, høyrest så forlokkande ut, at dei har lyst å bli med i koret vidare😉😀


Derfor folkens: VIKTIG at me alle brukar jula godt til å tenkja på om nokon me kjenner, kan inviterast! 🤔


⭐Onsdag 19. januar: Første fellesøving


⭐Onsdag 16. februar: Årsmøte


Viktig å merka seg datoen allerie no, sjølv om det vert lagt ut ei meir formell innkalling etter kvart.

Husk at saker til årsmøtet må vera styret i hende seinast 2 veker før!


⭐30. april- 1. mai: Kortreff i Ulvik


Heller ikkje i år kan det verta utanlandstur, då smittesituasjonen er altfor ustabil til at det går å planleggja noko slikt. Me har i staden meldt koret på kortreff i Ulvik. Dette er visstnok noko koret har delteke på før, og ryktene seier at det var FANTASTISK kjekt!

Så det er berre å gle seg, til ei helg på Brakanes hotell, til konsertar, «Singers Corner», flott natur, utflukter og korfest i venners gode lag😀


⭐17.-18. sept: Korseminar i Rosendal


Tradisjonen tru vert det også i år øvingshelg på hotellet/i samfunnshuset. Opplegget vert omtrent som før, men med ei og anna justering, bl.a. ift at korkassa muligens kan betala meir av opphaldet for den enkelte.


Elles så kan eg også røpa at Elisabeth er blitt spurt om å vera med som hjelpeinstruktør, og har svara ……......................... JAAA..!!🥳🤩🎉


⭐22. oktober: Premiere Prosjekt 2022

- med framsyningar også 23, 26 og evt 27.


.. og MERK - dette er berre LITT av alt me har å gle oss til i 2022! 😊


Så får me berre kryssa alt me har for at ikkje pandemien rotar det til for oss...🤞😏

47 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page