top of page

Evaluering og tiltak - Viktig at alle les!!!

Etter tre øvingar i nytt og midlertidig(?) lokale, må me sei oss svært nøgde! Eit glimrande lokale å øva i reint songmessig, godt å syngja der, god lyd/akustikk. Oppmøte har også vore upåklageleg, veldig kjekt at heile koret no kan øva ilag!😀 🎶


Me i styret har gjort vårt beste i høve det å ivareta smittevern, og har prøvd å leggja til rette for gode/trygge øvingar, samstundes som me har prøvd å vera tydelege på at kvar og ein stiller av eigen fri vilje og på eige ansvar.


Men - at me er nøgde betyr ikkje at der ikkje er rom for forbetringar. Det er både nyttig og nødvendig at me både evaluerer, vurderer og diskuterer undervegs, og evt gjer endringar dersom me ser at dette trengs, spesielt no med ein pandemi hengjande over oss. I så måte er innspela frå dåke som kormedlemmer både viktige og verdfulle. Så ikkje nøl med å ta kontakt om de har noko på hjarta!

Og ut frå at me no har prøvd å gjera ei evaluering av øvingane så langt, saman med innspel frå kormedlemmer (takk til dåke!), har me nokre tiltak som me gjerne vil setja ut i livet, og som me vil skal gjelda allereie frå øvinga førstkomande onsdag:

  1. Møt presis til øvinga! Dørene til øvingsrommet vert opna først kl 19.25.

  2. For å unngå kontakt som kan oppstå ved «trengsel» på veg inn/ut av lokalet, skal sopraner nytta døra nede. Alle andre nyttar inngangen oppe, og då også trappene på den sida som er nærast plassen din. Dette gjeld både når du kjem til øving, når du skal gå heim, OG dersom du vil ein tur ut i pausen.

  3. Berre annakvar benkerad og annakvart sete (integrerte stoler) skal nyttast, (så sant du ikkje har nær relasjon til den du sit med), og me ber om at dei som kjem først, set seg lengst inn mot midten på rada, slik at dei som kjem seinare, slepp passera tett oppi andre!

  4. Unngå «vandring» rundt i lokalet! Rommet me øver i, er ikkje større enn det må vera, og med 1m avstand mellom stolar og rekkjer, seier det seg sjølv at det er svært vanskeleg å halda avstandsregelen ved slik vandring.

Fire viktige tiltak i første omgang - som me trur bidreg til å gjera øvingane våre endå litt tryggare, bedre og kjekkare for oss alle🙂

Men det VIKTIGASTE av alt er at kvar og ein av oss hugsar på 1m-regelen og praktiserer denne, i tillegg til håndvask eller spriting både når du kjem og når du går!

Og sjølvsagt: Ikkje kom på øving om du har nyoppståtte luftvegssymptom som ikkje har kjent årsak!

Kvar og ein må med andre ord ta ANSVAR i høve smitteverntiltaka - ikkje berre for eigen del, men også AV OMSYN TIL DEI ANDRE! Helsing styret

38 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page