Fellesøvingar - Orientering til medlemmane

Då har me fått godkjenning/klarsignal frå kommunelegen - me kan starta opp att med fellesøvingar f.o.m. 20. mai :)


Men sjølv om det no er mulig å gjennomføra øving igjen, må me tilpassa oss visse krav for å sikra godt smittevern. Både styret og dirigent har gått nøye gjennom retningslinjene frå helsestyresmaktene for å kunna ivareta dette. Me er opptekne av at øvingane skal gå føre seg i trygge former, og set i verk ei rekke tiltak for å redusera smitterisiko i samband med øvingar. Samstundes vil me få understreka at det naturlegvis er heilt opp til den enkelte om ein vil stilla på desse øvingane eller ikkje. Me veit at det er fleire som av ulike årsaker ikkje vil eller kan koma, og det er heilt i orden! Øvingane vil me prøva å få direkteoverført gjennom streamingteneste på Facebook eller YouTube, slik at ein har høve til å følgja øvinga heimifrå.

Viktig: Er du sjuk, skal du ikkje møta på fellesøvinga!


Til deg som planlegg å stilla på fellesøving:


1. Gjer deg på førehand kjent med smittemåte og symptom slik det er forklart på Folkehelseinstituttet sine nettsider!


2. Meld deg på! Ut frå påmeldinga (som vert teken seinare denne veka), vil Torleiv dela flokken inn i grupper, og de vil få tilbakemelding på kor tid de skal møta. Øvinga vert mest sannsynleg delt i to bolkar. Første gruppe øver samanhengande mellom kl 19-20.15. Så vert det 15 min «buffertid» før neste gruppe kjem kl 20.30.

3. Grundig håndvask/anti-bac før og etter kvar øving!


4. Møt presis! Håndhelsing og klemming er ikkje tillatt!


5. Kvar songar får sin tilmålte plass, med minst 1 meter i alle retningar til næraste medsongar.


Merk! Fleire detaljer kan koma i forkant av øvinga, så hald deg oppdatert!


Me oppfordrer elles alle til å ta i bruk appen Smittestopp


Les gjerne gjennom «Smittevern for musikkøvelser» (link under).


Om det skulle skje at du vert sjuk i løpet av dei 2 påfølgjande dagane etter øving, og må testast, er det ønskjeleg at du melder frå til ein av oss i styret. Me vil så melda vidare til helsetenesta som evt kan setja igang smittesporing etter behov.


Har du spørsmål, synspunkt eller berre ynskjer ein prat - ta kontakt! :)


Helsing oss i styret

Linker:

Smittemåter og symptom: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta-og-kunnskap-om-covid-19/fakta-om-koronavirus-coronavirus-2019-ncov/?term=&h=1#smittemaate

Appen smittestopp: https://helsenorge.no/smittestopp

Smittevern for musikkøvelser: https://www.musikk.no/nmr/om-oss/medlemsorganisasjoner/ressurser-for-medlemmer/veileder-smittevern-for-musikkovelser

87 views

Recent Posts

See All

Konserten i kveld avlyst

Styret fekk i dag tlf frå ein av altane i koret, May Linn, som informerte om at ho har testa positivt på Covid-19, med symptomdebut tysdag morgon, og med ukjent smitteopphav. Ho var ikkje med på konse

© Copyright 2013. Songlaget Stordabuen. All rights reserved.