top of page

FYSISKE ØVINGAR - 2022

Updated: Nov 28, 2022

THE FINAL COUNTDOWN

Nok eit korår går mot slutten. Onsdag 30. november er siste fellesøving på Leirvik skule, før me avsluttar i Stord kyrkje sundag 4. desember.


Det skadar ikkje å pugga tekst før onsdag:

• Navnet Jesus blekner aldri

• Himmel på jord (berre siste verset + siste refrenget)

• Circle of life

• O' helga natt


Vonleg blir bandet med på deler av øvinga. 👍

 

Arena - førebels repertoar

Nær 50 har sagt dei kan vera med på Arena lardag 12. november. Det er bra 👏

Med unnatak av eit par solistsongar er ALLE songar aktuelle. Øvinga på Leirvik skule onsdag 9. november vil visa om me kjem til å bruka alle, eller om me kuttar 👍

 

FELLESØVING ONSDAG 19. OKTOBER 👹👹👹

Leirvik skule kl. 19.30 - 22.00.

Dette blir siste øving utan band. Me skal terpa detaljar 👍

Rekn med at Circle of Life, This is me, Summer Nights og Footloose vil stå på speleista. Det er ikkje forbode å førebu seg 🥹


Solistøving utan band, men med James Bånn på piano:

18.45: Always look on the bright side of life

19.00: Another day of sun

19.15: Arthur's theme

 

MANNSMØTE MÅNDAG 🫤

Det blir mannsmøte på Stord vidaregåande skule måndag 26. september kl. 19.30 - 21.30 🫶


Det skadar ikkje å spandera litt tid i helga på å førebu seg. Å læra tekst, er kanskje det luraste. For om du ikkje er trygg på stemma, har du eit glimrande utgangspunkt om du kan teksten. Alle songar er aktuelle 👍


God helg 😊

 

FELLESØVING ONSDAG 14. SEPTEMBER 👹👹👹

Frammøte er i utgangspunktet til vanleg tid, men det KAN bli oppstart kl. 19.00. I so fall vil det koma melding seinast onsdag morgon 😊


Aktuelle songar: Summer Nights, Always look on the bright side of life, Skyfall, You’ll be in my heart, Footloose, Circle of life 👍

 

FULLT FOKUS PÅ FILM 👹👹👹

Takk for velgjort, alle de som var med på Rutle på laurdag. Me gjorde oss ikkje bort 👍

Aller best gjorde bandet det. Dei fekk betaling både frå oss og Leirvik og er no på veg til Bahamas 😁


Frametter blir det fullt fokus på filmprosjektet. Me har svært mykje å ta att. Håpar mange har høve til å førebu seg til øvingane 😝


På fellesøvinga onsdag 7. september er følgjande songar mest aktuelle: How deep is your love, Summer Nights, You’ll be in my heart, When you say nothing at all, Circle of life, Fame, This is me 👊

Lukke til 👍


 

LYDSJEKK LAURDAG 3. SEPTEMBER

Me møter i Rutle kl. 11.45. Forventa tidsbruk: Halvannan time. Varm opp røysta i bilen på veg ut 👍

 

FELLESØVING ONSDAG 31. AUGUST 😊

Leirvik skule kl. 19.30.

Aktuelle songar: Eye of the tiger, Waterloo, Nothing else matters, Holding out for a hero, Fame, Circle of life 👍

 

PLAN FOR VEKA SOM KJEM 👹👹👹

Måndag er det Troika igjen, denne gong med ein song me ikkje har vore borti før. Den må altså lærast frå botnen av 🤪🤪🤪


Onsdag er det fellesøving på Leirvik skule. Bandet møter kl. 18.30 for å øva på songane til leirviksfesten. Koret stiller 19.30, som vanleg. Fellesøving med band til ting er på plass 👍, deretter rein korøving.


Lydsjekken på laurdag blir ein eller annan gong midt på dagen. Lydmannen skal koma attende på det, men alt frå 11 til 14 er mogleg som oppstartstidspunkt 🥸

 

FELLESØVING ONSDAG 24. AUGUST 😊

Leirvik skule til vanleg tid.


Aktuelle songar:

• Nothing else matters (erstattar Shallow i Rutle)

• Holding out for a hero

• Circle of life

• This is me

• When you say nothing at all.

👍

 

NY SONG: THIS IS ME 😳


Tekst og notar til songen «This is me» frå den amerikanske filmmusikalen The Greatest Showman (2017) er no tilgjengeleg i Dropbox 👍


Øvingsfiler og -videoar finst ikkje enno, men du kan høyra originalversjonen her: https://www.youtube.com/watch?v=CjxugyZCfuw


I filmen er det ein solist. Me kjem i større grad til å bruka sopranar og altar (som gruppe) på desse partia 🤛

 

FELLESØVING PÅ LEIRVIK SKULE ONSDAG 1. JUNI KL 19.30 🍄🍄🍄


På onsdag skal me hovudsakleg fokusera på følgjande songar:


Holding out for a hero - ny song tilgjengeleg i Dropbox no. Her er mange ord, og det går litt fort. Men slapp av; det er eit slags system i det... Lydfiler tilgjengeleg for dei som vil førebu seg. 😂


Summer Nights - den prøvde me sist. No skal me vidare. Du skjønar systemet i det. Lydfiler på plass. 🥸


Cirle of Life - me har vore igjennom første verset og første refrenget. More to come. Her er både lydfiler og øvingsvideoar på plass. 😂

 

FEMTE LØYPEMELDING 👹👹👹

I skrivande stund har me ein god månad att før vårterminen er over. Eg synst me har jobba godt så langt og fått til mykje 👍

Likevel er me ørlite bakpå samanlikna med tidlegare prosjekt, utan at det er fare for at me skal koma i putlå 🙁

Frametter vil det koma nokre songar som krev litt ekstra. Rekn difor med at det blir éi troikaøving før ferien. Planen er å ha den måndag 23. mai. Nett no er det tomt for øvingsfiler, men satsar på å ha nytt materiale klart til då 😏

Onsdag er det fellesøving til vanleg tid og stad 😊

 

ATTENDE TIL STRISKJORTE OG HAVRELEFSE 👹👹👹

Det var kjekt med gode tilbakemeldingar i Ulvik 🙂 Men no er kvardagen her og me må attende til det som har gjort at me kunne svinga sigaren så høgt i siderbygda: Øving og terping. 😝

Onsdag blir det framhald med How deep is your love 😁 Edume?

 

FELLESØVINGAR KOMANDE VEKE

Måndag 25. april: Stord vgs kl 19.30.

Onsdag 27. april: Leirvik skule kl 19.30.

Ta med Nothing else matters. 👍

 

FELLESØVING ONSDAG 20. APRIL 👍

Leirvik skule kl. 19.30 - 22.00.


Tips til dei som vil førebu seg:


• How deep is your love

• Eye of the Tiger

• Waterloo

 

FELLESØVINGAR I MÅNADEN FRAM MOT ULVIK 👹

Onsdag 6. april: Leirvik skule kl. 19.30 – 22.00

Onsdag 13. april: Inga øving

Onsdag 20. april: Leirvik skule kl. 19.30 – 22.00

Måndag 25. april: Ekstraøving Stord vgs kl. 19.30 – 22.00

Onsdag 27. april: Leirvik skule kl. 19.30 – 22.00

Brått og ubehageleg kan det dukka opp troikaøvingar i tillegg.

God helg. 🙂

 

DET BLIR NOK LENGE TIL NESTE GONG...

... men denne gong er det ingen veg utanom:


Ekstraøving for alle menn

Stord vidaregåande skule måndag 28. mars kl 20.00-21.00

Me førebur oss til onsdagen. Alle songar aktuelle.

 

FELLESØVING ONSDAG 16. MARS 👹

Leirvik skule kl. 19.30 - 22.00.

Me skal øva på Footloose + overgangar/avslutningar på dei fire songane me har vore borti til no. Målet i første omgang er å opparbeida eit repertoar til "Syng med oss" onsdag 30. mars.

 

DEI SISTE SKAL BLI DEI FØRSTE

Ekstraøving for alle som byrja i koret januar 2020 eller seinare.

Stord vidaregåande skule, måndag 14. mars kl. 20.00-21.00.

Ta med det du har av tekstark/notar frå årets prosjekt. 🤨

 

PLAN FOR VEKA SOM KJEM 👹


Måndag 14. mars kl. 20.00 - 21.00:

Ekstraøving på Stord vidaregåande skule for ALLE som har byrja i koret etter 1. januar 2020 (t.d. Birte/Marianne/Randi/Ingjerd...osb). Me skal jobba med songteknikk. Meld frå under dette innlegget dersom det IKKJE høver for deg å vera med.


Måndag 14. mars kl. 20.00-21.00: Sjette troikaøving for alle andre.


Onsdag 16. mars kl. 19.30: Fellesøving på Leirvik skule.


God helg. 🙂

 

FELLESØVING ONSDAG 9. MARS 👹

Leirvik skule kl. 19.30 - 22.00.

God innsats på måndag med nokre krevjande parti. Onsdag kveld skal me grava oss endå djupare ned i dei fire songane me har vore borti til no. 👍

 

FELLESØVING MÅNDAG 7. MARS 🙂

Stord vidaregåande skule kl. 19.30 - 21.30.

For alle som har høve og lyst til å øva på ein måndagskveld. Det blir øving også på onsdag. Alle fire songar er aktuelle, begge dagar.

 

INGA ØVING I KVELD, ONSDAG 2. MARS 😕

Tilbakemeldingar både til formannen og meg viser at det ville blitt stort fråfall til fellesøvinga på Leirvik skule i kveld, spesielt på mannesida. Me har difor vedteke å utsetja øvinga til neste veke. 😕

Då vil det bli to fellesøvingar: Først halvannan time på Stord vgs måndag 7. mars og deretter på Leirvik skule onsdag 9. mars. Ny melding kjem.

For min eigen del er forma veldig god, og har vore det heile tida. Einaste konsekvensen til no, er to rauge strekar. Og dei er der framleis (testa meg nett i stad).

 

FELLESØVING ONSDAG 2. MARS

Leirvik skule kl. 19.30-22.00.

Alle fire songar er aktuelle, men først og fremst Shallow og det nye temaet på You'll be in my heart.


ELLES: Det er i kveld mannsmøtet er. Det skadar ikkje med ei ny oppmoding på FB-sida di. 👍

 

PLAN FOR VEKA SOM KJEM


Laurdag morgon henta eg opp to rauge strekar or halsen. Det kan få følgjer for fellesøvinga på onsdag. Me har tre alternativ:


a) Satsa på at det ordnar seg


b) Henta inn gjestedirigent


c) Kutta øvinga på onsdag og heller køyra to øvingar i neste veke; måndag og onsdag.


Me ser.


Inntil vidare er vekeplanen slik:


Måndag 28. februar: Femte troikaøving kl. 20.00 - 21.00.


Tysdag 1. mars: Mannsmøte på Bakeriet Frugård kl. 19.00-20.00.


Onsdag 2. mars: Fellesøving på Leirvik skule kl. 19.30-22.00. 👍

 

FY SØREN KOR MYKJE ENKLARE DET ER…


… å vera «dirigent» når så mange har førebudd seg so godt som til i går. Kjempebra jobba heime. Veldig bra øving. Og merkbart betre stemning i pausen, etter at kaffien endeleg er tilbake. 👍


Det neste blir å få marknadsført mannsmøtet på Frugård tysdag 1. mars kl. 19.00-20.00. 🕵️‍♀️


Intervju med Sunnhordland er gjennomført. Førehandsomtalen kjem venteleg på trykk/nett i morgon, fredag. Så er det til å dela; både Sunnhordland sin artikkel og vårt eige FB-arrangement.


Til slutt må alle hugsa å huka tak i den/dei personane dei tenkte på under «halvminuttet med taushet» på øvinga i går. 😉


Lukke til. 🙂

 

FELLESØVING ONSDAG 23. FEBRUAR KL. 19.30-22.00


Øving til vanleg tid i dag, altså. Mange menn fekk booster-dose på måndag, kaffipausen er tilbake med kaffi - og dirigenten er enn so lenge i kjempeform (covid'en er komen farleg nær...).

Så i dag skal du vera tjukkhuda for å møta på øving utan å ha førebudd deg (Skyfall, When you.. og You'll be in...) 🙂

 

BOOSTER-DOSE FOR MENN OVER 50


Plan for komande veke:


Måndag 21. februar kl. 19.30 - 21.00: Ekstraøving for menn på Stord vgs. Me skal jobba med dei tre songane me har vore borti til no. Merk: Dette er IKKJE den tillyste øvinga for å lokka til seg nye menn (lokkemann-øvinga), berre ekstra påfyll av det me har fått frå før.


Måndag 21. februar: Troika for jentene.


Onsdag 23. februar: Fellesøving på Leirvik skule.


Nærare melding kjem. God helg. 🙂🚲🛵🛺

 

FELLESØVING PÅ LEIRVIK SKULE ONSDAG 9. FEBRUAR KL. 19.00-21.30 🦍🧵


Merk tidspunktet. Det er berre denne eine gongen me byrjar kl. 19.00. Neste onsdagsøving startar me 19.30.


Songar: Skyfall, When you say nothing at all og You’ll be in my heart.


Smittevern: Ja.


Vel møtt. 🙂

 

Dette innlegget vil bli oppdatert med informasjon om fysiske (felles-)øvingar

171 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page