top of page

Hausten 2020 - Viktige datoar!

Håpar de alle har fine sommardagar, og er klare til ny innsats med koret om berre nokre veker😀


Prosjektet🎶


Med koronaen som har prega kvardagen vår i så altfor lang tid no, har det vore vanskeleg for styret å ta stilling til om me skal gå for forestillingar i oktober slik me hadde planlagt, eller om me skal utsetja det til i februar. Sjølv om mykje fortsatt er usikkert rundt dette med pandemien og kva for restriksj. og retn.linjer som gjeld i tida framover, har me no landa på at me vil satsa på framsyningar i oktober, men då med 4 kveldar i staden for 3. Dette fordi me mest sannsynleg ikkje får ha fullsett kinosal, og for å gje flest mogeleg høve til å sjå/høyra 80-tals musikken vår, kjører me ein ekstra kveld.


DATOER FOR FRAMSYNING: 24., 25., 28. og 29. oktober.


Så då er det berre å begynna å gle seg, og begynna å øva…

for dette trur me blir bra! Samstundes så veit me at det må iherdig innsats til både frå dirigenten og korsongarane si side for å koma i mål. Sjølv om me har hatt ein litt haltande vår reint øvingsmessig, så er me godt i gang. Ein kjempeinnsats vart lagt ned med god deltaking på digitale øvingar/gruppeøvingar i vår, og no er det berre å fortsetja der me slapp + litt til. Målet vårt er å servera publikum ei gladstund i haustmørket, minst like bra som den i fjor! Men då krevst det at kvar og ein trør skikkeleg til, både når det gjeld å øva på eiga hand og i høve det å stilla på fellesøvingar. Håpar alle er gira, og innstilte på å gje litt ekstra!


Øvingslokale 🏠


Styret er i gang med å prøva finna øvingslokale som er stort nok til at heile koret kan øva samstundes. Melding om kor ein skal møta til første øving etter ferien, 19. august, kjem så snart dette er i boks.


Øvingshelg(er)🎼🎤


Me satser på minst 1, og kanskje 2 øvingshelger i løpet av hausten. Den første vert i Rosendal 19.- 20. september.


Om det vert ei øvingshelg nr 2 (på Stord?), og kor tid denne evt vert, er ikkje bestemt. Alternativt kan det verta to veker der me tar øving både onsdag og torsdag.


Torleiv vil i eige innlegg koma med info om koss han tenkjer me skal jobba framover.



Ha ein fortsatt fin sommar!😎 Og ikkje nøl med å ta kontakt om det skulle vera noko.


Helsing styret

83 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page