Haustpreik
Hei, alle saman, og vel overstått sommar 🙂
Neste veke er det på’an igjen med korøvingar. Me går ein uvanleg travel haust i møte. Det viktigaste delmålet er å læra mest mogleg på flest mogleg songar før seminaret i Rosendal. Men før den tid har me eit anna oppdrag som set føringar for kva me må bruka øvingstida på: Leirvik sitt 75-årsjubileum laurdag 3. september 🙁
Me har berre tre øvingar før 3. september, så å øva inn noko nytt til då, går ikkje. Songane ser ut til å bli:
• Eye of the tiger
• Waterloo
• Holding out for a hero
• Shallow (dersom me treng ein fjerde song)
Første fellesøving er på Leirvik skule onsdag 17. august. Dei som ikkje har signert for regnversøving i løpet av sommaren, må pårekna Troikaøving måndag 15. Det KAN også bli aktuelt med ei ekstra fellesøving før 3. september, all den tid me skal ha med oss band 🤨
Elles vonar eg samtlege er motiverte for å levera varene i Kulturhuset i oktober, og dermed også å yta det ekstra som trengs i løpet av dei to komande månadane 🙂