Informasjon frå kleskomitéen 👔👗👟
90-talets mote besto av så mangt, så årets kleskode blir rett og slett litt «hummer og kanari»
Som i fjor ynskjer me likevel eit heilhetlig uttrykk, så me vil holde oss innafor ein viss fargepalett med sterke, klare fargar som: kongeblå, raud, mørkelilla, oransje, gul, flaskegrøn, skarp/knallgrøn, samt svart og kvit (altså ikkje lyse pastellfargar).
Sjå på bileta og bli inspirert! Me nevner typiske element: vest over bluse/skjorte, knappebukse, leggvarmere, platåsko, smale belter, bukser med skjørt over, miss-sixty bukser, store dressjakker/blazere, rutete flanellskjorter, tydeleg logo på genser/t-skjorte, dongeri-selebukse og mykje, mykje meir!
Du står fritt til å velje kva stil du går for!
Den avslappa stilen med collegegenser/enkel t-skjorte, dongeribukse og smalt belte? Kanskje du vil tøffe deg med band-T-skjorte, svart bukse og bandana på hovudet? Classy look med oversized dress eller kjole med spagettistropper over t-skjorte? Er du ein hip-hoper med kul treningsdress eller kjører du full dongeri frå topp til tå?
Når det gjeld val av sko, står du også her fritt til gå med det som passer til ditt antrekk. Forslag til typisk 90-tals sko: platåsko, converse, chunky sneakers, svarte boots og joggesko.
For damene- det er litt forslag til både hårsveis og tilbehør på bileta.
Me gler oss til å sjå heile gjengen kledd for
90-tallsfest! Det kjem nærare beskjed når me skal ha øving med «kostyme» på 😄
Ta kontakt med kleskomiteèn om du treng råd!
- Kari Hilde, Åsmund, Kari og May Linn