top of page

INFORMASJON FRÅ KLESKOMITEÈN!🪩🎥

Då er det duka for raud løpar og ein god dose Hollywood- glam!

Stikkord for årets bekledning er:

PALJETTAR OG FLØYEL


Damer💃🏻 fri kombinasjon av plagg med paljettar og/eller glatt fløyel i valfri farge. Svarte sko. Alternativt: svart finkjole/ silkebluse med f.eks. eit paljettsjal i halsen. Tips: nål og tråd har smale paljettband, som kan bli enkel pynt til å ha rundt halsen. Finst også mykje på nettet!

Du vel sjølv om du vil ha strømpebukse (svart/hud) eller ikkje. Kult om du dreg på med «Hollywoodsminke» og hår.


Menn🕺🏻 base: svart dressbukse, svart finskjorte, svarte sko.

Koret vil bestille paljettslips til alle. Om du har andre plagg med paljettar (som t.d. ei skjorte eller ein dressjakke) så ta den med, så kan me sjå om det passar inn i heilskapen.


Me gler oss til å sjå heile gjengen kledd for den raude løparen! Det kjem nærare beskjed når me skal ha øving med «kostyme» på.


Ta kontakt med kleskomiteèn om du treng råd eller ynskjer å sjå inspirasjonsbilete!


- Åsmund, Kari og May Linn og Kari Hilde

30 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page