top of page

Interesse for tur til Albir?

Songlaget Stordabuen på utenlandstur til Albir, Spania september 2023!


Hei! Vi har lenge snakka om å dra ein tur med koret til utlandet. Sist vi prøvde å komme oss avgårde, så blei vi stoppa grunna Corona. Me tenker no å prøve igjen, nærmere bestemt til Albir på solkysten i Spania.

Vi har bestemt at vi reiser lørdag16 september 2023. Det vil bli avreise frå Bergen og retur til Haugesund til /frå Alicante. Det vil bli høve for dei som ønsker å være ei veke til lørdag 23 september, og for dei som ikkje har anledning vil heimreise bli onsdag 20 september. Det vert organisert transport t/f flyplassen 16 september og på returen 20 september. Litt usikker enda med dei som blir ei veke korleis det blir på returen til Haugesund. Vi har fått pristilbud på Albir Playa Hotel & Spa i Albir (4stjerners inkl frokost). Vær OBS! på at dette er ca priser på både hotell og flybilletter, jo før vi bestemmer oss jo bedre for å få best mulig pris! Dette er eit hotell som ligg sentralt til det meste og ikkje langt til stranda. Det som er viktig for koret er at her er det lokaler som vi kan leie på hotellet til øving! Om det er stemning for at vi skal reise på utenlandstur, vil det då bli lagt opp til øving i Albir og seminar i Rosendal blir då ikkje i år. Styret har bestemt at koret skal gå inn å sponse ein del av reisa pr person, men først må vi få vite om det er stemning for å reise i det heile. Vi ber ikkje om bindande påmelding no, men vil lufte om det er interesse for å dra til Albir! Me må rekne med at vi må betale eit depositum på nyåret ein gong når me har bestilt reisa!Trur det vil bli ein kjempekjekk og sosial tur for alle. Det er no 6 år siden vi var på ein utenlandstur med koret, så det er på høg tid!! Det vil bli eit sosialt og triveleg opphald med ulike aktiviteter. Vi vil prøve å få til å opptre med koret i området rundt Albir, ellers utflukter i området, felles middager og tid til bading. Dette er ting som vil bli planlagt litt nærmere, når vi veit om me reiser eller ikkje. Som sagt er dette berre for å lufta stemningen og høyre om det er interesse i det heile, sist vi hadde tenkt å reise til Albir var det 60 stk som ville reise. Fint om de skriv på fb-sida her om du vil være med eller ikkje, eller om de ikkje veit. Og kva alternativ de velgerom du vil være 4 dager eller 7 dager. Det går fint å ta personlig kontakt om de ikkje vil legge det ut på sida eller melding.

NB! Sjå eget vedlegg for pristilbud!

Sett deg opp på: Alternativ - 1 (4 dager) om du skal bu aleine eller med nokon, gjerne med kven om du veit Alternativ –2 (7 dagar) om du skal bu aleine eller med nokon, gjerne med kven om du veit!

Med vennleg helsing frå oss i komiteen: Sissel, Torunn & Otto!



28 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page