JAMES BÅNN SI FREDAGSBØN 👀
Lat det vera sagt med ein gong: Dette kjem til å gå veldig bra. Me har ei flott framsyning på gang. Kjekke songar og supre innslag elles 👍
Stor takk til alle som har jobba målretta gjennom året med å få på plass stemmer, tekstar, film, informasjon og anna 👏Det gjer seg ikkje sjølv. Men no er me der 🤪 Igjen 🙌
Det er alltid noko som blør. I fredagsbøna denne veka bar Bånn fram fromme ynskje. Dei gjekk på … om sopranane kan bli tryggare på første verset i This is me, om tenorane kan bli tryggare på versa i Footloose - og om alle stemmer kan bli tryggare på teksten i Summer Nights 👹
Det er ikkje lett å bli bønhøyrt på ein fredag. Det veit Bånn. Difor har han alliert seg med Lukketrodlet 💩
Avtalen er slik: Alle som kan seia at: Jo, eg gjorde i alle fall eit lite forsøk på teksten, kan signera her og vera med i trekninga av Bånn’s Pils 🍺
Den er på ca 0,5 l, blir spandert av ein raring i smoking og levert vinnaren ved eit bord nær han/ho ved første anledning 👍