Juleavslutning avlyst 😢😷

Kringle, kaffi, gløgg og andre godsaker var bestilt, småborda planlagt dekka og pynta til «fest», fleire allsonhefter var kjøpt inn, ++


Ja, me var så godt som klare - til å gje dåke ei innhaldsrik og fin siste samling før jul!🎄


Men…


DESSVERRE så let det seg ikkje gjera å få gjennomført slik me så gjerne ville! 😥💛


Med tanke på smittesituasjonen og dei nye og strengare tiltaka/anbefalingane gitt frå øverste hald på pressekonferansen i går, har styret landa på at det mest fornuftige no, er å avlysa samlinga me skulle ha i kveld, og heller ta eit treff så snart det lar seg gjera i 2022.


Håpar alle har forståing for dette.


Info’en me hadde lova, skal de likevel få – på ein eller annan måte... på eit eller anna tidspunkt.🙂

Må berre få summa oss litt... 🥺

13 views0 comments

Recent Posts

See All

REISEPLAN KORTREFF ULVIK :-) Er Songlaget Stordabuen klar for helgetur "Kortreff i idylliske Ulvik" Her finner du informasjon og reiseplan for helgen. Om det er noe uklart, tar me dette i pausen i mor