top of page

Konserten i kveld avlyst

Updated: Jan 23, 2021

Styret fekk i dag tlf frå ein av altane i koret, som informerte om at ho har testa positivt på Covid-19, med symptomdebut tysdag morgon, og med ukjent smitteopphav. Ho var ikkje med på konserten onsdag.


Dette betyr at dei i koret som blir definert som hennar nærkontakter på konserten søndag (gjeld 6 personar), vil bli kontakta av koronasentralen, og må i karantene. Ein blir rekna som nærkontakt dersom kontakten har vore under 2 meters avstand i meir enn 15 min. Dei det gjeld, har også eg som leiar tatt kontakt med, og såleis fått informert dei om stoda.

Viktig å merka seg at det KUN er konserten søndag det er snakk om!


Gjennom dagen har eg hatt fleire samtaler med kommunelege Sørheim.

Ut frå ei samla vurdering av situasjonen kalla eg inn styret til eit haste-møte på telefon, der også Torleiv var med, og det vart gjort eit (einstemmig) vedtak på at me avlyser konserten i kveld.


Med stigande smittetal både på Stord og i samfunnet generelt, og no også med eit tilfelle av smitte innad i koret, ser me på det som det einaste rette å gjera.


Veldig synd for alle som har kjøpt billett, og for oss, sjølvsagt.


I og med at det her er snakk om ukjent smitteveg, så KAN det vera ein mulighet for at det er nokon i koret som er smitta utan sjølv å vita om det, og som såleis har vore/er ein potensiell smitteberar. Difor viktig at kvar og ein tar ansvar for seg sjølv, og har låg terskel for å be om test.


Det er viktig at me av personvernomsyn vidare, ikkje nevner navn. Me ber om at dette blir respektert!


Om de har spørsmål kring dette (eller anna), så ikkje nøl med å ta kontakt med Bodil (91615365) eller Marita (45426714)

28 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page