NY INFORMASJON - Korøving onsdag 2. februar, Leirvik skule

Updated: Feb 2

NY INFORMASJON, ØVING 2. FEBRUAR LEIRVIK SKULE


I lys av at regjeringa i går innførte nye/endra koronatiltak, gjer me nokre justeringar av øvinga i kveld.


Det blir framleis todelt øving, men med fleire deltakarar i gruppene. Sjå oppdatert gruppeinndeling under.


Folk må pårekna Troika-øving komande måndag, slik at me er godt førebudde når me skal ha 70 inn i lokalet neste onsdag.

 

Gruppene som skal øva onsdag 2. februar finn de under. Oppstart vert klokka 19.00 og 20.30.


Elles må me minna om:


• Alle som deltek må vera friske, og sjølvsagt ikkje vera i karantene eller isolasjon


• Ingen fysisk nærkontakt. Stolar vert plassert ut på førehand, med avstand som tilrådd i Smittevernrettleiaren


Dersom du likevel ikkje har mulighet til å komma på øving er det fint om du gir beskjed om det, slik at andre kan få glede av plassen 🙂




50 views0 comments

Recent Posts

See All