Koronasituasjonen - Øvingslokale - Skeptisk? 🤔
Updated: Sep 9, 2020
Som dei fleste sikkert har fått med seg, har det dei siste dagane blitt meldt om fleire nye Covid-19-smitta på Stord. 1 elev og 2 lærarar ved Stord Vgs har testa positivt, og fleire elevar/ tilsette ved skulen er sett i karantene. Det vert meldt frå skulen at dei andre elevane/tilsette skal møta til undervisning som vanleg inntil vidare. Skulen vil såleis ikkje verta stengt, og koret kan i utgangspunktet øva på skulen som planlagt, også denne veka.
Men - med bakgrunn i utviklinga dei siste dagane, kan det jo henda at det er songarar som no kjenner på ein viss skepsis til å øva på skulen.
Eg har difor vore i telefonkontakt med smittevernlege Sørheim i dag, for å få råd frå han. Han gir oss den fulle støtte til at me øver slik me har gjort til no, og meiner det ikkje er noko fare med å øva i lokalet på Stord Vgs., heller ikkje etter den siste utviklinga. Som han seier, så sit ikkje viruset i bygget, og ingen av dei smitta er blitt smitta på skulen. Det som er viktig, er at me er nøye med å halda minst 1 m avstand til kvarandre og vaskar hendene med sprit eller såpe både før og etter øvinga.
Men me menneske er no ein gong laga slik - at me er ulike! Og me er ulike også når det gjeld redsel/uro. Dette er noko me må ha respekt for!
Sjølv føler eg meg trygg på øvingane våre, både når det gjeld øvingslokale og elles, men det er ikkje dermed sagt at alle i koret kjenner det på same vis.
Så difor - om du sit heime, eller kor du no er, og kjenner på uro i høve situasjonen, og då kanskje spesielt med tanke på øvingslokalet, vil me i styret + dirigenten gjerne at du på SMS, e-post, messenger eller ved å ringa, formidler dette til meg som leiar så snart som råd, og aller helst i løpet av dagen. Skulle det visa seg at svært mange er skeptiske/urolege, må me snu oss rundt og sjå om det er noko me kan gjera.
Helsing styret v/Bodil
Tlf 91615365
bodilaske@gmail.com