top of page

Og me ventar på 2021...

Mange av dåke lurer nok på om det blir noko meir koraktivitet før jul. Planen var at eg skulle sei litt om dette i kulturhuset etter konserten på torsdag, men no vert det ei melding her i staden 😊


Det mangla ikkje på planar og idear for koråret 2020. Bli-kjent-treff, sommarfest, jubileumsfest, kortur til Spania, 80-talsframsyning, premierefest, jubileumskonsert, adventsstund og julekonsert m.m. Om ikkje alt kan seiast å ha gått etter planen, kan me i alle fall vera strålande nøgde med og stolte over at me satsa, øvde, pugga og presenterte 80-talet i slutten på oktober! 🙌


Tradisjonen tru skulle me denne veka hatt øvingsfri, før me neste veke kunne avslutta onsdagskvelden med "O helga natt". Slik blir det diverre ikkje. Som de kanskje har lest i Sunnhordland vert det ikkje noko tradisjonell julekonsert i kyrkja i år. Det vil bli gjort opptak av enkelte kor/vokalgrupper, som kyrkja igjen kjem til å publisere i førjulstida. Vårt folkerike kor vart diverre for omfangsrikt for det opplegget som var planlagt i kyrkja, og me valde difor å takka nei til å delta. Hugla-folket har me (meg kjent) ikkje høyrt noko frå i år. Men det seier seg vel sjølv at det kunne blitt vel trongt i gymsalen denne jula, med 1-metersregel og det heile...


I 2020 feirar Songlaget Stordabuen 85 år, noko som i seg sjølv er verdt ei feiring! 🎉 Det har vore lite fest, moro og sosiale samankomstar dette året, men styret hadde no på tampen tru på at me skulle få til ei føremiddagssamling med julelunsj på hotellet. Her skulle me preika, le og kosa oss med god mat. Me ville også delt ut heidersutmerkingar til fleire som har vore lenge med i koret - og takka kvarandre for innsatsen gjennom året. Dei siste retningslinjene frå styresmaktene, som ikkje gir opning for private samankomstar med meir enn 50 personar, gjorde at me diverre måtte leggje desse planane på is for ei stund. Me håpar å få til ei slik samling for alle når tiltaka igjen vert lempa på. Kanskje på nyåret?


Om ikkje mange vekene skal styret og Torleiv møtast for årets siste styremøte. Her må me leggja ein god plan for 2021. Det blir spanande!


Det nye året vil nok, som dette, by på korona-relaterte utfordringar (Det positive får vera at me no har månadar med trening i å handtera slikt.), men mest av alt moglegheiter til å igjen vera i lag, synga og ha det kjekt!


Korona eller ei - eg gler meg til eit nytt korår ilag med dåke alle! 😁


Me vil komma tilbake med dato for første øving i 2021.


Med ynskje om ein fin haust og ei fredfull julefeiring til deg og dine! 🎄


- Marita -



38 views0 comments

Recent Posts

See All

CHOIRMATE FOR SONGLAGET STORDABUEN?

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

Dropbox - 2023

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page