I kveld vart det bestemt at oppstarten neste veke vert av den digitale sorten, og då på Zoom som me fekk høve til å gjera oss kjent med i fjor vår. Det vil i løpet av oppstartssamlinga bli informasjon om Prosjekt 2021 og elles om planane for året.
💻Lenkje til oppstartsøvinga onsdag 20. januar kl. 20.00 vil bli lagt ut i eige innlegg på onsdag.
💻For å sikra at teknologien er på stell og at me får ein smidig start på onsdagssamlinga, planlegg me "Zoom-test" måndag kveld mellom 20.00 og 21.00. Også her vil det koma eige innlegg med lenkjer til møta.
👫Inviter ein ven? (Ihht. gjeldande retningslinjer)
Me ynskjer å ha flest mogleg med på oppstartssamlinga. Ikkje alle i koret er like fortrulege med digitale platformer og denne type kommunikasjon. Vurder om det er mogleg å samlast i mindre grupper for å leggja til rette for at alle kan delta.
Kanskje det kan vera lurt å ha ein ven (ungdom?) med noko teknologikompetanse tilgjengeleg i forbindelse med Zoom-test og oppstartsøvinga?
Me vil fortløpande gjera vurderingar av korleis me på best mogleg vis kan gjennomføra øvingar utover våren, basert på tilrådingar, restriksjonar og smittesituasjon. Me vil halde dåke informert undervegs.
Det vert kjekt å sjåast og høyrast igjen 😀
Frå Bodil 10. januar
Hallo alle korvener!
Som nokre kanskje alt har fått med seg, så er aktivitetsplanen for 2021 no lagt ut på heimesida. Å planleggja aktiviteter under ein pandemi, er ikkje lett, men me er optimistar, og har trua på at i alle fall noko av det me har sett opp for koråret 2021, lar seg gjennomføra.
Kor vidt me får/vil samlast fysisk til øving 20. januar, er enno usikkert. Det KAN alternativt verta aktuelt med Zoom-treff, men dette kjem det meir info om etter kvart som me ser kva restriksjonar gjev høve til.
Då me etter haustens framsyningar i kulturhuset skulle gjera avtaler med kulturhuset for 2021, viste det seg at fleire helger i oktober allereie var opptekne (tydelegvis fleire som har måtta avlyst planlagte konserter i 2020, som har vore tidleg ute for å sikra seg lokale i 2021). Dessverre var det uråd å koma utanom haustferien for at me i heile tatt skulle få spikra nokre datoar. Så framsyningane i år vil altså verta 16., 17., 19. og 20. okt., med øvingar mand., onsd., torsd. og lørd. i premiereveka slik me pleier.
Kan elles informera om at Torleiv er godt i gang med å førebu årets prosjekt, og er klar med både notar og arrangement for fleire av låtane han har plukka ut
Me har verkeleg trua på at også 2021 skal bli eit KJEKT år for oss som er så heldige å få vera med i Songlaget Stordabuen, sjølv om pandemien nok vil ruska det litt til for oss, i alle fall i starten.
Så får me berre kryssa fingrar for at me kjem både raskt og godt i gang med øvingar, enten det no blir på eine eller andre måten. Håpar i alle fall du er gira – for dette skal bli bra!

Comentarios