27.04.2020 vedtok styret i Songlaget Stordabuen at turen til Spania vert utsett til tidlegast 2021.
Dette vart gjort på grunnlag av stor usikkerheit om det i heile tatt lar seg gjere og gjennomføre reisa. Det er synd at det blir slik, men me ser ikkje på det som rett å halde fram med planlegging då usikkerheita er for stor. Me forventar også at det vil vera blanda følelser rundt det å reise til Spania i dette tidsrommet for kormedlemmer som allereie har meldt seg på. Situasjonen var ein heilt anna ved påmelding, enn kva den er pr. i dag.
Økonomi:
Det er betalt inn eit depositum på flybillettar som me vil forsøkje å få refundert eller overført til 2021. Eit eventuelt tap vil bli dekka av korkassen.
Innbetalt depositum på kr. 2.000,- vert tilbakebetalt til kormedlemmane.
Comments