top of page

Stordabuen på korseminar til Albir, Spania!

Kjære korister!

I september reiser vi på kortur til Albir i Spania.

Avreise:11.09. – Retur:16.09.2020

På turen vert det lagt opp til sosialt samvær, egentid, øving og vi skal opptre for publikum! Me har allereie høyrt gjetord fra Spania om at dei gler seg! I tillegg er det planlagt ein til to utflukter og ein felles middag. Alle detaljer er ikkje heilt på plass enda, meir info kjem når det nærmer seg avreise.

Dette blir kjekt!

Reise:

Felles buss transport tidleg fredag 11.september frå Stord til Bergen, flyet går klokka 11.15 frå Flesland. I Alicante blir det felles buss til Albir, ankomst ca kl 17.00 til hotellet.

Vi skal bu på Hotell Albir Playa som ligg nær stranda og ellers sentralt i Albir.

Ved heimreise blir vi henta med buss på hotellet tidlig onsdag 16. september, avreise Alicante kl 07.00. Venta ankomst Flesland ca. kl 10.35. Der blir vi frakta heim til Stord med felles buss.


Prisar: Totalt koster turen pr.person kr: 4.000 i egenandel, resten dekker korkassen.

Ønsker ein å bu i enkeltrom kan ein det mot eit tillegg på kr. 1.500.


Påmelding:

Påmeldingsfrist er 29.01.2020.

Det vert lagt fram påmeldingsskjema på øving onsdag 22.01 og 29.01.

Merk bindandes påmelding!


Betaling:

Frist for innbetaling av depositum pålydende kr. 2.000, bes betales innen 10.02.2020!


Komiteen:

Martha, Otto, Torunn & Sissel

71 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page