Stord Folkehøgskule
Oppvarming startar klokka 17.00
Kjære Stordabuen. No er få dagar til «Syng med oss» der me saman skal få syngja og presentera dei første songane med har øvd på dei siste månadane, til vårt trufaste publikum. Me er spent på oppmøte, men gler oss verkeleg til å koma oss ut for å opptre igjen.
Vårt eminente husorkester, som alltid like positive, stillar opp. Dei er også klar for ei felles stund med allsong, kaffi og kaker. Songhefte er klare, og det blir i tillegg kjørt tekst på lerret på vegen.
Alle må ta med eit fat med kake, smørbrød eller noko anna godt, i tillegg til ei gåve til ein verdi på 50 til 100 kr. Stord folkehøgskule serverar kaffi og te.
Dei frivillige som meldte seg på øvinga om å setja opp bord og stolar, må møta klokka 16.30.
Bordgruppene i lokalet treng også å pyntast før gjestene kjem, og me treng nokon som kan stilla opp klokka 16.30 og hjelpa til med dette arbeidet. Fint om ein i kommentarfeltet under melder seg til teneste.Treng 4 til 6 stk.
Sissel ordnar med loddbøker, vekslepengar, vipps, isboksar og blomar.
Takk til kleskomiteen med Åsmund, Kari, May Linn og Kari Hilde som har lagt ut melding om korantrekk, dette finner ein inne på facebooksida.
Helge Heiberg, med si tydelig og sterk røyst, tar seg av loddtrekninga, men han treng også frivillige til å levera ut gåver. Fint om ein i kommentarfeltet under melder seg til teneste. Treng 6 til 8 stk.
Me set veldig pris på om fleire blir igjen til slutt og hjelper til med å rydda etter arrangementet.
MELDING FRÅ KLESKOMITEEN
Antrekk på «syng med oss» onsdag 30. mars:
Menn:
Svarte sko, svarte sokkar, svart bukse, svart skjorte. Ikkje slips/sløyfe.
Damer:
Svarte sko. Elles kombinasjon av svart og dongeri. Bukse, skjørt,kjole, skjorte, bluse kan vere i dongeri.
Smykker ol. i gull
💜Åsmund, Kari, MayLinn og Kari Hilde💜
Comments