Troikaøvingar 2022

Updated: Sep 11

TYSDAGSKARAMELLEN 😝


Tysdag 13. september kl. 20.30 – 20.50 (eller når det høver).


Song: Always look on the bright side of life 👍


I denne songen kombinerer me solistgruppe + kor.

Det er berre ei fem minuttar lang videofil å lytta til. Spander to gjennomlyttingar, slik at du forstår gangen i songen. Merk deg spesielt korleis slutten er 👍

 

TOLVTE TROIKAØVING 🥹


Måndag 12. september kl. 20.00 – 20.45 (eller når det høver).


Song: Summer Nights (heile songen)


Her finst det ikkje videofil, berre lydfil for «di stemme» og lydfil «alle». Du må ha øvd med begge for å få godkjent 👹


NB! Ikkje ta enkelt på oppgåva, me har til no ikkje klart å koma til endes i denne songen 🥹

 

DU VIL DEFINITIVT IKKJE STÅ PÅ SIDELINA...


... når Lukketrodle' dreg på seg parykken og gjer klar til trekking av hovudpremien. Den storstila og mykje påkosta hendinga finn stad under gallamiddagen i Rosendal komande laurdag.


For å få namnet ditt i finalepotten må du ha gjennomført både tolvte troika, Tysdagskaramellen og fellesøvinga komande onsdag.


Denne er berre for dei tøffaste, altså. Følg med.

 

ELLEVTE TROIKAØVING 👹👹👹

Måndag 29. august kl. 20.00-20.45 (eller når det høver)


Song: Fame frå filmen med same namn 😀

1) Videofil

2) Lydfil: Prøv å syngja i lag med originalen: https://www.youtube.com/watch?v=uN1BS-L1vx8


Det er snakk om å læra seg to vers og to refreng. Refrenga er nøyaktig like, versa er også close. Han som snakkar på videofila peiker nokre forskjellar. Lytt til han 😁


Lukke til 😊

 

TIANDE TROIKAØVING 👹👹👹


Måndag 22. august kl. 20.00 - 20.45 (eller når det høver)


Takk for god innsats på første haustøvinga sist onsdag. Lovar bra 👍


Fokus på troikaøvinga denne gong er siste del av "Holding out for a hero". Denne skal me ha på Leirvik sin fest 3. september og den MÅ sitja 😛


På tekstarket er dette frå "Up where the mountains..." og ut. Pass spesielt på overgangen til "Like a fire in my blood" 😛


Spol deg fram til korret periode på "videofila":

• Alt: Perioden 4.35 - 6.46

• Bass: Perioden 2.20 - 5.22

• Sopran: Perioden 4.15 - 6.23

• Tenor: Perioden 3.15 - 5.44


Lukke til 👍

 

NIANDE TROIKAØVING 👹👹👹👹👹

Måndag 15.- eller tysdag 16. august kl. 20.00-20.45 😊


Denne øvinga er først og fremst for dei som ikkje var med på sommarøvinga, men det er naturlegvis berre å hiva seg med om du vil repetera 😊


Lukketrollet frå Døso må merka seg at det her er snakk om to trekningar; éi for dagens troikaøving og éi for sommarøvinga. Her er det altså mogeleg å vinna troikasjokolade til å ha med på Pioneer Spirit 😱


Song: This is me

• Videofil

• Lydfiler


Lukke til 👍

 

ÅTTANDE TROIKAØVING MÅNDAG 23. MAI kl. 20.00 - 20.45


Det fell i mitt lodd å minna om at i morgon, måndag, er troikaøving 👹 Me treng å ta eit tak no for ikkje å koma bakpå før ferien 😉


Heimeleksa er Circle of Life.


1) Videofil del 1 og del 2 (av i alt tre deler)


2) Lydfil DI stemme


I tillegg kan du lasta ned notar/tekst og lytta til lydfil på Summer Nights frå filmen Grease. Også den skal me øva på på onsdag.


Det finst ikkje videofiler til denne songen, berre noteark, tekstark og lydfiler. Notane finst berre stemme for stemme (ikkje alle stemmer i lag). Årsaka til det, er at partituret er veldig langt (16 sider) 👎


Lukke til 😊

 

SJUANDE TROIKAØVING 👹


Måndag 21. mars kl. 20.00-20.45 (eller når det høver)


Song: Footloose


1) Videofil del2


2) Lydfil di stemme


Me satsar på å læra oss denne sopassa at me kan bruka den på kaffikonserten onsdag 30. mars. I så fall må den sitja på øvinga no på onsdag.


Andre ting å vera obs på: Siste del av Shallow og "solotemaet" på When you say nothing at all. 🙂

 

SJETTE TROIKAØVING

Måndag 14. mars kl. 20.00 - 21.00 (eller når det høver)


Song: Footloose (frå filmen med same namn)


1) Videofil del 1

2) Lydfil di stemme

3) Lydfil alle stemmer


Gutar: Her får de litt å jobba med, så det er berre å kasta seg i det. 👍

 

FEMTE TROIKAØVING - Måndag 28. februar kl. 20.00 - 20.45 (eller når det høver). 😀


Song: Shallow (frå filmen "A star is born", 2018)


• Videofil (heile)

• Lydfil di stemme

• Lydfil alle stemmer


Fokuser på å læra refrenget. Betre enn dette blir det ikkje, folkens. 🤪


Lukke til. 🙂

 

FJERDE TROIKAØVING - MÅNDAG 21. FEBRUAR


Me feirar kongen sin bursdag med ei heidundrande songstund på kammerset 😜.


Bass og tenor: Fellesøving på Stord vidaregåande skule kl. 19.30 - 21.00. Me skal øva på dei tre songane me har vore borti til no 😉.


Sop og alt: - kl. 20.00 - 20.45 (eller når det høver)


• Song: Skyfall

• Videofil del 2 og 3 (som delvis omhandlar dei same partia)

• Prøv å syngja heile songen med div lydfiler


Lukke til 😊.

 

TROIKA 3 - HelpDesk 🦍🦍🦍

Noko du lurer på etter å ha studert dagens troikamateriell? Eg sit på denne lenka frå ca kl. 20.15 og 40 minuttar framover. Velkomen innom. Gjeld måndag 7. februar. Torleiv.


https://us04web.zoom.us/j/79196587359?pwd=EM4-Fuy-dwyvXeVZHaJs3TOQegcfNl.1

 

TREDJE TROIKAØVING 😝 – MÅNDAG 7. FEBRUAR KL. 20.00 – 20.45 (eller når det høver)


Stalltips: I denne tidlege fasen av øvingsåret er faktisk videofilene det viktigaste. Sørg for at du får med deg detaljane i det han fyren snakkar om. Rekkefølgje på vers og refreng terpar me på dei fysiske øvingane. 😉


TO DO:

Alt og Sopran: You’ll be in my heart (Tarzan)

Tenor og Bass: When you say nothing at all (Notting Hill)


Alle:

1) Lytt først til originalversjonen av songen

2) Videofil del 1

3) Lydfil di stemme

4) Lydfil alle stemmer


På Leirvik skule onsdag 9. februar skal me øva på Skyfall, You'll be in my heart og When you say nothing at all. Ny melding kjem.


Lukke til. 👍

 

ANDRE TROIKAØVING – ONSDAG 2. FEBRUAR KL. 20.00 – 21.00 😝


Berre dei som ikkje møter på øving på Leirvik skule kan signera for utført troikaøving. 😉


TO DO:

Alt og Sopran: You’ll be in my heart (Tarzan)

Tenor og Bass: When you say nothing at all (Notting Hill)


Alle:

1) Videofil del 1

2) Lydfil di stemme

3) Lydfil alle stemmer


Lukke til. 👍

 

FØRSTE TROIKAØVING – ONSDAG 26. JANUAR KL. 20.00 - 21.00 😝


Så var me i gang igjen. No spørst det kor mykje som er att av oss. 😱


Berre dei som ikkje møter på øving på Leirvik skule kan signera for utført troikaøving ( = store vinnarsjansar). Og me går rett på flotte premiar alt frå første øving:


Hovudpremie: Troika. 🙂

Trøystepremie: Tesla med varmeapparat. 🙂


TO DO:

• Song: Skyfall (James Bond)

• Videofil (del1 + del2 for Sop og Alt, del1 for Ten og Bas)

• Lydfil di stemme

• Lydfil alle stemmer


Lukke til. 👍

 

Dette blogginnlegget vil bli fortløpande oppdatert med informasjon frå Torleiv knytta til heimeøvingar (aka «Troikaøvingar») i året 2022.


177 views0 comments

Recent Posts

See All