Korøving onsdag 1. desember 🤶🏻
Me står igjen i ein situasjon der smittetala er aukande, og styresmaktene må setja inn tiltak for å bremse smittespreiinga. I den samanheng må me også sjå på korleis me organiserer songøvingane våre.
Hovudbodskapen frå styresmaktene er viktigheita av å halde avstand og å bli heime ved sjukdom. De vil difor i dag koma til eit øvingslokale der stolar igjen er plasserte på førehand, med større avstand enn det me har hatt den siste tida.
Det skal også nemnast at det per i dag ikkje er restriksjonar knytt til utøving av fritidsaktivitetar. Det har heller ikkje kome konkrete råd eller anbefalingar frå smitteverngruppa til Norsk musikkråd om korleis korøvingar skal gjennomførast.
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller kjenner på usikkerhet knytt til deltaking på koraktivitetar. 🙂