top of page

Viktig info ang. årsmøte/medlemsmøte 16. februar

Updated: Feb 10, 2022

Som kunngjort tidlegare, satsar me på å avvikla årsmøte og medlemsmøte onsdag i neste veke – ein fin anledning både til å treffast og til å påverka leia til songlaget vidare.😊


Sakspapirer er gjort tilgjengeleg i Dropbox:


Me ber dykk spesielt lesa grundig gjennom framlegget om ENDRINGAR I VEDTEKTENE (ta gjerne utskrift), og samanlikna forslaget med gjeldande vedtekter.


Styret står samla bak forslaget, og ber om at årsmøtet tek stilling til om desse skal vedtakast eller ikkje. For at dette skal kunna skje så radigt og knirkefritt som mulig, er det viktig at alle er godt førebudde, og på førehand kjenner godt til endringane som er foreslått.


Me inviterer også til eit meir uformelt medlemsmøte rett etter årsmøtet, der det bl.a. vil verta høve til å ta opp saker som er av felles interesse. Har du noko på hjarta, kan dette meldast til ein av oss i styret, eller du tar det der og då.


See you!😊

70 views0 comments

Recent Posts

See All

Dropbox - 2023

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er...

Comments


bottom of page