Songlaget Stordabuen
Songlaget Stordabuen vart skipa i 1935, og kan dermed feira 85 år i 2020. Koret er medlem av Norges Korforbund, og har ein stabil medlemsmasse på rundt 70 songarar. Det hender at nokon slutter, men me har det so kjekt at det stadig kjem nye krefter til.
Repertoaret er vekslande. Me er glade i viser, romantikk og både eldre og nyere musikk, helst av det meir populære slaget. I ei årrekkje har me hatt større konsertar/oppsetjingar på haustparten, for eit stort og trufast publikum.
Me øver på Leirvik skule onsdag fra kl.1930 - 2200

ÅRSMØTE ONSDAG 15. FEBRUAR 2023
Stad: Leirvik skule
Tid: 19:30
Vanlege årsmøtesaker, ref. koret sine vedtekter.
Saker til årsmøtet må sendast styret seinast 2 veker før årsmøtet.
E-post: stordabuen@hotmail.no
Sakspapir vert gjort tilgjengeleg i Dropbox i forkant av årsmøtet.
https://www.dropbox.com/sh/gg67p8bzqubvok6/AACu-S0cVqSx9l7pXBzPaL4Aa?dl=0
Sopranane tek med eit fat med mat.
Tenoarane tek med ei kanne kaffi.
☕️ Alle må ha med eigen kaffikopp.
Med forbehold om at smittesituasjonen kan føra til endring av den praktiske gjennomføringa.
- Styret -
JANUAR 2020 - og vidareført i januar 2021
Inntaksstopp for damer!
Songlaget Stordabuen er som kjend eit blandakor, men i det siste har balansen mellom dame- og mannsstemmene blitt så ujamn at vi ser oss nøydde til å setja inntaksstopp for damer inntil vidare.
Ved øvingsoppstart i januar møtte 12 nye damer opp, eit heilt lite kor i seg sjølv, og noko vi er litt stolte over må innrømmast, men no har vi rett og slett ikkje plass til fleire!
På den andre sida tyder dette at vi treng fleire menn (bass/tenor) for å få bedre balanse i koret.
Ved spørsmål kan dirigent Torleiv Agdestein kontaktast (41853666).
Mann, KOR er du?
Songlaget Stordabuen søkjer nye menn.
«MANNATREFF» TYSDAG 1. MARS 2022 KL 19:00 PÅ BAKERIET FRUGÅRD

Er du mann og glad i å syngja?
Songlaget Stordabuen søker etter mannsrøyster, og inviterer til ein uformell prat
TYSDAG 1. MARS klokka 19.00 til 20.00 på BAKERIET FRUGÅRD!
Ta turen for eit uforpliktande møte med tre-fire menn frå koret, saman med musikalsk leiar Torleiv Agdestein, for å få informasjon om koret og kva me driv med.
Dette treffet er eit reint "prate-treff", det skal IKKJE syngjast denne kvelden.
Songlaget Stordabuen er eit aktivt kor som bidreg lokalt med å spreie songglede, og minnerike musikalske opplevingar. Styrken til koret er heilt klårt det sosiale miljøet, og ikkje minst følelsen av å høyra til i eit godt fellesskap. I koret har me songarar i alderen 25-85 år.
Stordabuen ønsker seg ei større mannsgruppe i koret, og me håpar DU vil bidra til at draumen vår blir realisert.
Meir informasjon om Stordabuen finn du på www.facebook.com/stordabuen eller stordabuen.no.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Olav Bauge på mobil 907 22 671.