top of page

Dirigenten

Torleiv Agdestein har vore dirigenten vår sidan 2011, men samspelet mellom Songlaget og Torleiv går mykje lenger attende. Han har i årevis vore meir eller mindre fast musikar for koret, ofte saman med orkesteret Chicklets.

​

Sjølv om han ikkje kan skilta med utdanning innan musikk eller direksjon, er Torleiv den heilt rette musikalske leiaren for oss. Han arrangerar kjekke songar, bankar dei inn i oss, spelar og dirigerar. Ikkje minst gjev han oss mykje songglede.

​

Torleiv har arrangert dei aller fleste songane våre.

​

Det var ei heilt spesiell oppleving for oss å få framføre Torleiv sitt verk "Stord - Gode tider" for 7 fulle salar Stord Kulturhus hausten 2009. Ikkje minst for dette storverket, fekk Torleiv Stord kommune sin kulturpris.

​

I 2016 har Torleiv skrive tekst og musikk til heile framsyninga

"Sånn e' da!" 

Ikkje mange kor har ein slik dirigent!

Torleiv.jpg

FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

© Copyright 2013. Songlaget Stordabuen. All rights reserved.

bottom of page