Rock & sånt
Frå Teigen til Metallica
Stord kulturhus, oktober 2023
Omtale av premieren i Bladet Sunnhordland : Songlaget rocka til tusen
Solgulls platebar : Solgull viser fram den unike samlinga si
På raud løpar
Songar frå filmuniverset
Stord kulturhus, oktober 2022
Absolutt korsong
Den store milleniumsfesten
Stord kulturhus, oktober 2021
1980-åra
Stord, verda og musikken
Stord Kulturhus, oktober 2020
Framsyninga var bygd på same lesten som dei to føregåande åra. Året 2020 vart likevel eit spesielt år grunna Korona-pandemien. Det var usikkerhet rundt det meste; skulle me satsa mot eit stort prosjekt, ville me kunne øva i lag, ville me kunne ha publikum på konsertane når den tid kom og ville publikum vera interesserte i arrangement ute i det offentlege rom?
Me bestemte oss for å gjera eit forsøk, med kombinasjon av digitale øvingar og etterkvart høve til å møtast for å syngja i lag vart det premierer 24. oktober som planlagt. 3 av 4 framsyningar vart gjennomført før me diverre måtte avlyse den siste.
Uansett - i dette året føltes det som ein stor seier at me fekk stå på scena i kulturhuset med publikum i salen!
Førehandsomtalar i Bladet Sunnhordland og Stord24
Konsertomtale i Bladet Sunnhordland
Programhefte
1970-åra
Stord, verda og musikken
Stord kulturhus, oktober 2019
1960-åra
Stord, verda og musikken
Stord Kulturhus, oktober 2018
Tøffe tider
Songar frå Vestlandet
- frå Kleppevik til Kaizers
Stord Kulturhus, oktober 2017
Sånn e da!
Songlaget syng om Stordabuen
Stord Kulturhus, oktober 2016
Hausten 2016 framførte Songlaget Stordabuen ein konsert med nyskriven musikk av Torleiv Agdestein, som er koret sin musikalske leiar. Tittelen var «Sånn e' da!». Songane på dialekt handla om folk i dag, kvardagsliv, draumar og minne. Romantikk, komikk og mykje meir..."
Omtale av premieren i Bladet Sunnhordland og på stordnytt.no
Songlaget Stordabuen fekk Stord kommune sin kulturpris 2016
I grunngjevinga heiter det at "Songlaget har vore sentral i kulturarbeidet i kommunen heilt sidan stiftinga i 1935. I dei seinare åra har dei årvisse konsertane i kulturhuset gleda eit stort og trufast publikum. Eit spesielt kulturelt høgdepunkt var framsyninga «Stord - Gode tider» i 2009, der koret framførte Torleiv Agdestein sitt lokalhistoriske verk for seks fullsette salar.
Prisen vart delt ut på Nyttårskonserten 21. januar 2017.
Stordabuen syng Beatles
Stord Kulturhus, oktober 2015
Hausten 2015 var satsinga vår ein konsert fullstappa med Beatles-melodier.
På dei tre konsertane i Stord Kulturhus hadde me meir enn 1000 tilhøyrarar. Me er takksame for at me har eit så stort og trufast publikum.
Les omtale av premieren på stordnytt.no
Ettermiddagskonsert
Laurdag 18. april kl 1600
Stord Vidaregåande Skule
Glad korsong med 2 blandakor
som syng låtar med Pop/Rock/Vise-preg.
Songlaget Stordabuen
og gjestekoret
Kormix frå Askøy
Let the good times roll!
Stord Kulturhus, oktober 2014
Mange gladlåter og flotte kjærleiksongar. Me i Songlaget koste oss med å øve inn eit program som me likte svært godt. At publikum sette pris på dette, er nær 1.000 selde billettar prov på.
Les omtale av premieren på stordnytt.no
Ynskjekonserten
Stord Kulturhus, oktober 2013
Hausten 2013 var storsatsinga vår YNSKJEKONSERTEN i samarbeid med Bladet Sunnhordland.
Me hadde 3 fulle salar i Stord Kulturhus - bortimot 1200 selde billettar!
Biletet er frå avslutninga av konserten.