Øvingar - 2023
PÅ TIDE Å STÅ FRAM 😒
Eg trudde aldri eg skulle koma til å seia det, men føler tida er rett no: Eg er interessert i menn 🤣
Så viss du kjenner ein, eller har ein du ikkje treng; send han på date på Stord vidaregåande skule måndag 23. januar kl 19.00 💛
Der blir det øving for bassar og tenorar i koret, pluss nyfikne menn som måtte dukka opp. Ta med Hotel California, Splitter Pine + Nothing else matters frå Prosjekt 2021 👍
LYDFILER...
... er no tilgjengeleg på Hotel California og Splitter Pine. Sjekk dropbox'en. Lurt å førebu seg før komande øving 👍 Tips: Finn fram tekstarket, lytt til lydfila og noter ned kor tid og kva du skal syngja.
DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉
https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0
Dette blogginnlegget vil bli oppdatert med informasjon frå Torleiv knytta til øvingar i 2023.
