top of page

Stord hotell 18. november + øving onsdag (oppdatert 19/11)

Updated: Nov 19, 2021

VEL BLÅST I VALHALL 👍


Om nokon skulle vera redde for smitte: Årsaka til stemmeløysa i går var IKKJE covid. Pinnen har vore i nasa i dag og den viste… ingenting. I alle fall ingen covid. 😀


Elles: God jobba på scenen i Valhall. Trur me gjorde ein fin figur. Glad eg lot meg overtala til Nothing Else Matters. 😉


Minner repertoarnemnda om jobben dei har å gjera. Det blir eit møte i neste veke ein gong. 😊

 

MELDING FRÅ KLESKOMITEEN

Antrekk torsdag 18.11.21:


Menn:

Svart bukse, svart skjorte, svarte sko. Ikkje slips/sløyfe


Damer:

Svarte klede. Du vel sjølv om du vil ha bukse, skjørt eller kjole. Svarte sko/støvelettar. Accessories i gull.

 

OM ONSDAG OG TORSDAG DENNE VEKA 😊

Onsdag kl. 19.30-22.00: Fellesøving med band på Leirvik skule.

Torsdag kl. 19.15: Oppvarming på Stord hotell (ikkje Stord vidaregåande skule).

Torsdag kl. 20.00: På scenen. 😊

 

OM ØVING OG FRAMFØRING DENNE VEKA 🍅


Her er det eg veit til no. Meir kan koma brått.


**Onsdag 17. november kl. 19.30 - 22.00:** Øving på Leirvik skule som vanleg, men med band. Aktuelle songar vart lagt ut i sist veke. 🚗🚜🚲.


**Torsdag 18. november:** Synging på Stord hotell sin 50-årsfest. Tidspunkt er diverre ikkje spikra enno. Eg var oppom hotellet i dag, måndag, for å orientera meg, men ingen av dei som var på jobb hadde detaljar om festen. Seinare har eg fått vita at festkomiteen skal ha eit planleggingsmøte tysdag kl. 14.00. Reknar med å få vita meir etter det. ☎️⏰


Inntil vidare er torsdagsplanen: Oppvarming anten på Stord hotell eller Stord vidaregåande skule, deretter 25 minuttars underhaldning på hotellet. I beste fall møter me kl. 19.00 og er ferdige kl. 20.00. I verste fall møter me 18.30 og er ferdige 20.30.⚽️🏈🥎

 

AKTUELLE SONGAR TIL STORD HOTELL 18. NOVEMBER 😊

Stjålen båt

Baby One More Time

I want it that way

Vi vil leve lenge

Man! I feel like a woman


All I want for Christmas is you

O’ helga natt


(Hald også desse varme: Krasafaren og Nothing else matters) 😊




28 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page