top of page

Damenekt og "menn ønskes"

Styret har, i samråd med Torleiv, vedteke at me frå i dag, 27.01.2020, innfører inntaksstopp for nye damer i koret.


Me har dei siste åra, inklusive i år, opplevd ei stor auke i nye songarar til koret. At så mange ynskjer å syngje i kor, og at så mange ynskjer å vera med i Songlaget Stordabuen spesielt, er i seg sjølv svært positivt og noko me ser på med glede. Utfordringa kjem då svært mange av dei nye songarane er kvinner. Skeivfordelinga mellom dame- og mannsstemmene aukar, og innverknaden det vil ha både på musikalske og sosiale faktorar i koret gjer at me no ser oss nøydde til å ta ei slik avgjersle.


Nye menn som ynskjer å syngja med oss er veldig velkomne!

Ei auke i mannsstemmene er beste måten å betra balansen i koret på, og vil bidra til at det tiltaket me no innfører etterkvart kan opphøyra.


Me ber alle som har forslag til korleis me både kan nå ut til mannfolka med at me treng dei og få dei til å stille opp på ei øving, om å dela sine tankar med styret/resten av koret.

Og, igjen, må me på det sterkaste oppmoda alle som kjenner ein potensiell tenor eller bass om å gjera sitt ytste for å få vedkommande med på ei øving.


Avslutningsvis er det viktig å presisera at alle nye songarar som møtte på første øving etter nyttår (22.01.2020), både damer og menn, er velkomne til å forsetja songåret ilag med oss.


Styret



22 views0 comments

Recent Posts

See All

Invitasjon til årsmøte

ÅRSMØTE ONSDAG 16. FEBRUAR 2022 Stad: Leirvik skule Tid: 19:30 Vanlege årsmøtesaker, ref. koret sine vedtekter. Saker til årsmøtet må sendast styret seinast 2 veker før årsmøtet. E-post: stordabuen@ho

bottom of page