top of page

Halloen godtfolk!

Då var det tid for litt orientering igjen.

Styret var samla i forrige veke, både for å evaluera året som ligg bak, og planleggja 2021. Når det gjeld evalueringa, har me konkludert med at koret, trass i eit heilt spesielt og utfordrande år, har fått til mykje bra! Ja, det har vore tunge tak, men me har løfta ilag, og me har landa det heile med stil. Så nok eit klapp på skuldra til oss alle; både dirigent, kormedlemmar og styre! 👏👏👏

Etter ein litt lengre "ferie" enn vanleg, håpar me på at alle er klare for eit nytt og kjekt år med Stordabuen f.o.m. første øving som vert onsdag 20. januar. Me jobbar med å finna godt egna øvingslokale, men slik stoda er, med pandemien som fortsatt vil vera ein del av kvardagen vår også i 2021, ser det ut til at me må starta med todelt kor. I følgje smittevernrettleiaren, kan ikkje amfiløysingar (trapper) lenger nyttast, så Stord vgs er førebels «ut».

Kor og kor tid du skal møta den 20. januar, vert det lagt ut melding om seinare. Før dette kan gjerast, treng me ein oversikt over KVEN som kjem. Så har du tenkt deg på øvinga, må dette meldast til Marita som vil syta for å ha kontroll over antall "påmeldte".

Me ynskjer også nye bassar og tenorar velkomne (fortsatt inntaksstopp for damer), så om de veit om nokon som har lyst å begynna i koret, må desse også meldast.

Når det elles gjeld kva aktivitet det vil bli i koret i 2021, så viser me til aktivitetsplan som vert lagt ut på heimesida så snart me har alle datoane på plass. Men alt er sjølvsagt styrt av kor mykje pandemien vil tillata framover. Sidan så mykje fortsatt er usikkert, er turen til Albir utsett til 2022. MEN me håpar på å få gjennomført både ei jubileumsfeiring, «Syng med oss», øvingshelg, konsertar i kulturhuset, og endå litt til. Dessutan så prøver me å tenkja litt nytt, så kanskje kjem det nokre overraskingar etter kvart og 🤩 Time will show 😉

Apropos prosjekt. Mange er sikkert spente på kva me skal satsa på i 2021. Takk for forslag og gode innspel både til repertoarnemnda og her! Det me har landa på, er at det blir eit eller anna bygd på musikken frå 1990-åra, MEN at me endrar leisten på framsyninga samanlikna med dei tre siste åra. Torleiv er godt i gang, i alle fall med tenkinga…., og så er me ganske sikre på at resultatet av det, dvs det han etter kvart vil presentera og øva inn med koret, vert bra også i 2021! Så det er berre å gle seg!

Meir info om både det eine og hitt, vil verta deg til del på første øving. Men ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.

Med dette vil eg på vegne av styret og dirigent, få takka for koråret 2020, og ynskja kvar og ein ei riktig god jul! 🎄⛄🤶🎅


67 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page