top of page

Korøvingane startar onsdag 26. januar

Styret vedtok i går, torsdag 13. januar, at me startar korøvingane onsdag 26. januar. Og rett skal vera rett: Det var dirigenten som bad om ei veke ekstra for å få betre tid til å førebu øvingsmateriale i form av lyd- og videofiler. 😱


Regjeringa har opna for at ein kan øva i grupper på inntil 20 personar, så lenge alle held pusten under heile øvinga. For vår del betyr det at me må dela oss i tre-fire grupper, som må øva etter tur – og skifta på å ha fysisk og digital øving. Gruppeinndeling og øvingsplan blir laga i neste veke. 😊


I den samanheng er det SVÆRT viktig at alle som har tenkt å vera med på filmprosjektet har meldt frå om det. Dersom du kan lesa desse bokstane, har du meldt frå og treng ikkje gjera meir. Dersom du ikkje kan lesa bokstavene, er du anten ikkje med, eller du har ikkje meldt frå. 😉


53 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page