top of page

Øvingshelg i Rosendal 17. - 18. September 2022

Då var Stordabuen snart klar for Seminar i Rosendal atter ein gong! Styret i samråd med Torleiv bestemt at me satsar på 3(4) framsyningar med Film/ Musical musikk i oktober. For å nå målet om å servera publikum ei verkeleg gladstund i haustmørket, krevst det iherdig innsats og øving frå oss alle. Som før reiser vi og i år til Rosendal helga 17 – 18 september. Det vil bli lagt opp til ei intens, inspirerande og sosial øvingshelg i Rosendal!


Vi får også i år med oss fantastiske og innspirerandes Elisabeth Tjøsvoll som songpedagog, de som ikkje har møtt henne kan gleda dykk!


Praktisk informasjon

Avreise med hurtigbåt frå Leirvik laurdag 17. september kl. 08:40.

Ankomst Leirvik søndag 18. september kl. 18:25. Koret betalar reisa til og frå Rosendal med felles transport båt og buss!


I år vil koret sponse ein del av hotellpakken pr. person. Kvar enkelt må betale inn ein egenandel før avreise, så betaler koret resten direkte til hotellet. Dette gjeld kun hotellpakken (mat og drikke frå laurdag til søndag). Alle drikkevarer og evt ekstra overnatting frå fredag, betales i resepsjonen ved avreise søndag.


Vi har fått følgjande tilbod på Hotellpakker frå Rosendal Fjordhotell :

Enkeltrom: Egenandel: Kr 1250,- (din pris ) (2095,-)

Dobbeltrom: Egenandel: Kr 1000,-(din pris) pr.person (1815,- )

Trippelrom: Egenandel: Kr 900,- (din pris) pr. person (1725,- )


Korets konto: 3520.50.37088 Vennligst betal inn din egenandel før avreise, seinast 15 september


Evt. Ekstradøgn fredag til laurdag: Betales ved avreise på hotellet!

Enkeltrom: Kr: 1400,-

Dobbeltrom: Kr: 850 pr.person

Trippelrom: Kr: 750,- pr. person


Pris på måltider for ikke-boende gjester:

Dagpakke lørdag: Kr. 475.- pr. person. Prisen inkluderer rundstykke m/kaffe og lunsj m/kaffe.

3-retters middag: Kr. 495.- pr. person

Dagens lunsj søndag: Kr. 375.- pr. person


Hotellet serverer: Kaffi og rundstykker litt etter ankomst Samfunnshuset på laurdagen ca kl 11.00 Lett lunsj med kaffi laurdag og søndag ca kl 14.00 3-rettars middag med kaffi laurdag kl 20.30 Frukost søndag

Eventuelle allergier må de gi beskjed om til meg om de ikkje har fått gjort det!!


Vi er til no påmeldt 65 personer . Ca 10 personar reiser inn fredag. Hotellet vil ha beskjed om det snarast, så gje beskjed til meg om det er fleire som skal reise inn fredag!


Dette blir kjekt! Lykke til med seminaret 2022. Sissel

50 views0 comments

Recent Posts

See All

Som nemnt på øvinga i dag ynskjer styret at koret prøver ut ei løysing kalla ChoirMate for å sjå om denne eventuelt kan (heilt eller delvis) kan erstatte Dropbox, Medlemsblogg, FB-gruppe, Spotify etc.

DROPBOX - NOTAR, TEKSTARK, LYD- OG VIDEOFILER 🎉 https://www.dropbox.com/sh/hl2hnp2lwlldpcn/AACIbkMxEWXWb8ilnYrB_UXVa?dl=0 • Passordet er det same som tidlegare

bottom of page