Helsing frå dirigent og leiar
Updated: Oct 22, 2021
VEL BLÅST, FOLKENS 👏👏👏
Så var det over for denne gong. Ingen fleire lydfiler, ingen troikaøvingar, ingen lydsjekk, ikkje meir «om att frå takt 16». Ingenting. 😕
Tilbakemeldingane frå publikum har vore spesielt mange og varierte i år. «Alt» har blitt kommentert; repertoar, sceneutstråling, innleving, sofadialogar, solistar, musikarar…
Eg konkluderer med at me leverte varene, at me klarte gje publikum ei oppleving, og at me framleis er å rekna med mellom kulturberarane i kommunen. 👍
Takk til kvar og ein. Vel blåst. 😊
- Torleiv -
EG SIT HER OG SER PÅ BLOMEN VÅR... 💐
og kjenner ei lita tåre pressa på i augekroken.
Når eg tenkjer på alt som har vore siste tida, noko denne buketten frå Stord Kommune v/ordføraren (- til OSS ALLE!) får meg til å gjera, så vert eg både rørt og glad! Og eg kjenner meg STOLT over det me har fått til ilag!🥰
Tusen takk til kvar og ein for kjempeinnsats!💐
Einskildpersoner/grupper har fått både blomen, takken og rosen dei fortener💐
Men så er det og mykje som vert gjort i samband med eit slikt prosjekt som kanskje ikkje er like "synleg", og som ein kanskje tenkjer ikkje betyr så mykje... 🤔
Dei som har rigga opp, har rigga ned, har baka, har rydda, har sett seg inn i klesmoten, har laga bildepresentasjon, har skrive om songane, har delt ut program/blomar, har skaffa rekvisittar, har hjelpt til med oppvarm., har delt på FB, har... 🥵(sikkert nokon eg dessverre ikkje kjem på her og no, men som ikkje er mindre viktige av den grunn!)
I eit kor som vårt og i eit så pass stort prosjekt, er også desse oppgåvene viktige nok, og det at folk er så POSITIVE og villige til å ta i eit tak når og der det trengs, betyr mykje for at me skal lukkast slik me har gjort.🤗
Så TUSEN TAKK for det de har bidratt med!💐👏👏👏
TUSEN TAKK og til Marita🌹, Martha🌹, Bergfrid🌹, Sissel🌹, Svein Harald🌹 og Frode Helge🌹; mine medstyrarar av skuta,
- for KJEMPEINNSATS med alt som må på plass før slike konsertar kan gjennomførast!
Vel blåst til kvar og ein!😊
- Bodil -
