top of page

Konsertantrekk

DAMER

I år går me for pastellfarger og lys dongeri. Me ynskjer fargar som turkis, gul, rosa, grøn, blå osv. Både einsfarga og med print er ok så lenge det er innanfor fargepaletten (sjå vedlagte inspirasjonsbilete).

Det er valfritt om du vil ha kjole, overdel/skjørt, overdel/bukse. Ermlengde på overdel: minimum T-skjortelengde.

Dongeriskjørt, dongeribukse (kjekt om nokon har alternative dongeribukser som t.d selebukser, type slitt dongeri med hol osv)

Kvite sko

Evt. strømpebukse skal vere hudfarga.


Forslag til tilbehør og hårstyling:

Kreppa hår

Krøller

Smale belter

Store øyredobbar

Vest (med frynser?)

Skulderputer


MENN

Kvit skjorte og lys dongeribukse.

Brune sko (gjerne mokkasiner), kvite sokker.

Tversoversløyfe i pastellfarge.

Evt. belte/bukseseler (valfri farge)

Når det gjeld tversoversløyfe, kan me vere behjelpelige med å kjøpe inn dette. Gi beskjed til ein i kleskomitèen innan mandag 21/9. Denne kostnaden må ein stå for sjølv.


SOLISTAR

Står fritt til å kle seg om til solosong, dersom ynskjeleg. Gjerne noko tidstypisk som kan harmonere med songen.


Sjølv om de har ganske frie tøyler i år, håper me at uttrykket kan framstå som ein heilhet. Me ynskjer ikkje å sjå ut som eit "kostymeparty". Me satsar på å få gjennomført ei øving med aktuelle klede for å sjå heilskapen.

Me har forståelse for at alle ikkje har alt dette i klesskapet – kanskje ein kan låne frå familie, vener eller innad i koret? Ta gjerne kontakt med oss i komitèen om du har spørsmål eller treng hjelp.


Kari, Åsmund, May Linn og Lene.



99 views0 comments

Recent Posts

See All

Stillingsutlysing 😊

Me dreg lasset i lag i innspurten og gjennom konsertveka. Følgjande stillingar er ledige: Oppstillingsgeneralar Ressurspersonar som kvalitetssikrar oppstillinga av koret før innmarsj. Sceneriggarar Ri

Fordeling av songarar på konsertane

Torleiv skriv: Her er resultatet av puslespelet, når det er teke omsyn til at alle vil syngja alt, solistar, forteljarar, minikohortar, .... bla bla bla. Det gode er at ALLE får vera med på ALLE konse

bottom of page