Me dreg lasset i lag i innspurten og gjennom konsertveka. Følgjande stillingar er ledige:
Oppstillingsgeneralar Ressurspersonar som kvalitetssikrar oppstillinga av koret før innmarsj.
Sceneriggarar Rigging og rydding av scene før og etter øvingar og framsyningar
Scenesjauarar Rigging av diverse rekvisittar under framsyningane.
Garderobeansvarlege Ha eit ekstra ansvar for orden, ryddighet, avstand og handhygiene i garderobane. Me disponerer, som vanleg, garderobar ved scenen. I tillegg nyttar me hovudgarderoben og kunsthallen.
Oppvarmingsvikar Standby - klar til oppdrag ved behov.
Blometransportør Henting og levering av blomar hos Hageland inngår i denne stillinga. For å vera kvalifisert til denne stillinga er det eit krav om at du disponerer ein stor bil.
Foajevertinner/-vertar Dele ut program i foajeen. Hanskar og evt. munnbind kan bli del av arbeidsantrekket.
Blomepike/-svenn Assistere leiar med blomeutdeling etter premieren.
Konsulentar for positivitet og god energi Denne stillinga er allereie besett. 66 kandidatar viste seg kvalifiserte og me er trygge på at kvar og ein vil gje eit svært verdfullt bidra i gruppa.
Generelt for stillingane: Vaktlister vil etter beste evne bli etablert ut frå kven som syng når på dei ulike framsyningar.
Meld frå om kva stilling du er interessert i under dette FB-innlegget eller direkte til Marita.
Comments