Etter å ha motteke kunngjering frå Stord kommune om nye restriksjoner for å avgrensa Korona-smitte, vart det på øvinga i går informert om at songkaféen på Grand 25. mars er AVLYST. Kor vidt det kan bli aktuelt å ha arrangementet seinare i år, kjem me tilbake til etter kvart som me ser korleis ting utviklar seg.
Når det gjeld øvingane framover, så har me vore usikre på OM og i tilfelle KORLEIS desse kan gjennomførast. Men etter å ha høyrt kva tiltak som i dag blir sett i verk av nasjonale styresmakter, så er det vel eigentleg ingen tvil om kva som er det einaste rette å gjera, nemleg å avlysa også øving. I første omgang gjeld det øvinga onsdag 18. mars. Kva som skjer vidare etter det, vil de få info om etter kvart.
Det betyr at me alle no må gjera ein innsats når det gjeld å øva på eiga hand. Kva me konkret skal jobba med, vil koma i ei eiga melding frå Torleiv. Så vert det ekstra kjekt når me, forhåpentligvis om ikkje så lenge, kan treffast igjen og gjera det me alle likar så godt; å syngja ilag!😀
Comments